Fotballklubben Haugesund

(Omdirigert frå F.K. Haugesund)

Fotballklubben Haugesund er ein fotballklubb frå Haugesund, ofte omtala som FK Haugesund. I dag spelar klubben i Eliteserien i fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Óskar Hrafn Þorvaldsson. Klubben spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Fotballklubben Haugesund
Fullt namnFotballklubben Haugesund
KallenamnFKH
Grunnlagd28. oktober 1993
HeimebaneHaugesund stadion
(kapasitet: 8 800)
StyreleiarIngolf Steensnæs
HovudtrenarÓskar Hrafn Þorvaldsson
LigaEliteserien i fotball for menn
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Spelarstall

endre

Oppdatert 1. juli 2020.[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Helge Sandvik
3   F Benjamin Karamoko
4   F Fredrik Pallesen Knudsen
5   F Benjamin Tiedemann Hansen
6   F Joakim Våge Nilsen
7   MB Christian Grindheim
8   A Kevin Martin Krygård
9   A Benjamin Källman (på lån frå Inter Turku)
10   MB Niklas Sandberg
11   A Alexander Ammitzbøll (på lån frå AGF)
12   K Luděk Vejmola (på lån frå Vysočina Jihlava)
13   MB Kristoffer Gunnarshaug
Nr. Posisjon Spelar
15   F Ulrik Fredriksen
16   MB Bruno Leite
17   A Ibrahima Wadji
18   MB Kristoff Gunnarshaug
19   F Mikkel Desler
22   MB Alexander Stølås
23   MB Thore Pedersen
27   MB Mads Berg Sande
28   MB Arent-Emil Hauge
32   K Frank Stople
35   A Andreas Endresen
99   MB Kristoffer Velde

Utlånte spelarar

endre

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
20   A Ibrahima Koné (hos Adana Demirspor til 30. juni 2020)
Nr. Posisjon Spelar
93   F Dennis Horneland (hos Vard Haugesund til 31. desember 2020)

Historie

endre

Klubben vart stifta i 1993 etter at klubbane Haugar og Djerv 1919 slo saman elitelaga sine, med målsetting om å skapa eit stabilt eliteserielag. I tillegg var fotballklubben Vard Haugesund aktuell til å delta i samanslåinga, men generalforsamlinga i klubben valde å stå utanfor. Laga i aldersklassane og for kvinner gjekk ikkje inn i den sameinte klubben. Hausten 2005 vart samtalane om å innlemma Vard teke opp att, og frå sesongen 2006 fyller Vard rolla som eit rekrutteringslag for Haugesund.

I den første sesongen i divisjonssystemet, 1994, vann klubben si 2. divisjonsavdeling. Dei to neste sesongane var laget i 1. divisjon, medan dei debuterte i eliteserien i 1997. FK Haugesund berga plassen i 1997, men i 1998 fekk dei sin første sportslege nedtur då dei rykte ned til 1. divisjon. Laget rykte rett opp att året etter, men det vart med eit år i den øvste divisjonen.

I 2004 rykte både FK Haugesund og Vard Haugesund ned frå 1. divisjon, og i 2005 spela båe laga i 2. divisjon. Haugesund rykte rett opp att. Tilhengjarane av laget er organisert i supportarklubben Maakeberget.

Kjende spelarar

endre

Kjelder

endre
  1. A-lag spillere Arkivert 2011-10-08 ved Wayback Machine., fkh.no

Bakgrunnsstoff

endre