FA-cupfinalen i fotball 2007

FA-cupfinalen i fotball 2007 fann stad på Wembley stadion i London 19. mai 2007, med 89 826 tilskodarar på tribunane. Finalen var den fyrste på den nybygde arenaen og stod mellom London-laget Chelsea FC og Manchester United og enda med siger 1-0 til Chelsea etter ekstraomgangar.

Lagoppsttillngane, Chelsea i blått

KampenEndra

Etter 90 mållause minutt og ekstraomgangar vart finalen avgjort då Chelsea-spissen Didier Drogba frå kring straffemerket tuppa ballen over ei utrusande Manchester United-målvakt, etter trekantspel med Frank Lampard.

Chelsea-spelarane feirar sigeren på Wembley

Chelsea-mannskapet bestod av: Petr Čech, Paulo Ferreira, Michael Essien, John Terry, Wayne Bridge, Claude Makélélé, John Obi Mikel, Frank Lampard, Shaun Wright-Phillips, Didier Drogba og Joe Cole. I pausa måtte Joe Cole vike plass for Arjen Robben. Salomon Kalou spelte ekstraomgangane i staden for Wright-Phillips, medan Robben gjekk av bana tidleg i 2. ekstraomgang, inn kom Ashley Cole.

Manchester United stilte med:Edwin van der Sar, Wes Brown, Rio Ferdinand, Nemanja Vidić, Gabriel Heinze, Darren Fletcher, Paul Scholes, Michael Carrick, Cristiano Ronaldo, Wayne Rooney og Ryan Giggs. Alan Smith spelte ekstraomgangane i staden for Fletcher, John O’Shea og Ole Gunnar Solskjær fekk kvar 9 minutt speletid då Carrick og Giggs forlet grasmatta.

Dommaren heitte Steve Bennett.

KjelderEndra