FA-cupfinalen i fotball 2008

FA-cupfinalen i fotball 2008 fann stad på Wembley stadion i London 17. mai 2008, med 89 874 tilskodarar på tribunane. Finalen sto mellom Portsmouth FC og Cardiff City, to klubbar som ikkje hadde spelt finale i FA-cupen etter andre verdskrigen. Dei to klubbane hadde kvar sin FA-pokal frå mellomkrigstida. Portsmouth sigra med 1 – 0.

KampenEndra

Lagoppstillingane med Portsmouth i blått

28. minutt ut i kampen vart nigerianaren Nwankwo Kanu matchvinnar for Portsmouth då Cardiff-målvakta slo eit innlegg ut i feltet som han frå 3-4 meter lyfta over målvakta og i mål.

Portsmouth sitt vinnarlag: David James, Glen Johnson, Sol Campbell (kaptein), Sylvain Distin, Hermann Hreiðarsson, Lassana Diarra, John Utaka, Pedro Mendes, Niko Kranjčar, Sulley Muntari, Nwankwo Kanu. I siste halvdel av andre omgang kom etter tur David Nugent, Papa Bouba Diop og Milan Baroš på bana, ut gjekk Utaka, Mendes, Kanu.

Mike Dean dømde kampen.

KjelderEndra