Niko Kranjčar

kroatisk fotballspelar

Niko Kranjčar (fødd 13. august 1984) er ein kroatisk tidlegare fotballspelar frå Zagreb. Han spelte på ei rekke lag i heimlandet og utanlands, lengst hos Dinamo Zagreb og Portsmouth FC. Perioden 2004-13 deltok han i 81 av Kroatia sine landskampar. Han var offensiv midtbanespelar.

Niko Kranjčar

KlubbspelEndra

Kranjčar spelte på Dinamo Zagreb frå 2001 til han i januar 2005 vart overført til rivalen Hajduk Split. I tida med Dinamo vann han tre cupfinalar og vart seriemeister i 2003. Etter overgangen til Hajduk var han med å sikre klubben frå Split topplassen i den kroatiske fotballserien. Sommaren 2006 skreiv Kranjčar kontrakt med Portsmouth FC, og var sterkt delaktig til at laget vann FA-cupen 2008. Frå hausten 2009 til 2015 gjorde han, etter tur, teneste i Tottenham Hotspur, Dynamo Kyiv, Queens Park Rangers, utan noko anna suksess enn opprykk for QPR. Endå mindre åtgaum skapte ein skadeplaga spelar i New York Cosmos og Rangers FC.

LandslagsspelEndra

Kranjčar fekk sin landslagsdebut 18. august 2004, då faren Zlatko Kranjčar var landslagssjef. Dei neste ni åra spelte han mykje godt fast på Kroatia sitt landslag, deltok i Fotball-VM 2006, europameisterskapen i 2008 og 2012. Fram til og med sine to siste kampar i oktober 2013 skåra han 15 landslagsmål. Mellom anna skåra han då Kroatia den 21. november 2007 vann 3–2 på Wembley stadion i London, og dermed eliminerte England frå Fotball-EM 2008. Kranjčar skåra elles sigersmålet då Noreg gjekk på eit 1–2-tap i Zagreb den 12. oktober 2010.

MerittarEndra

  • Seriemeister i Kroatia: 2003 for Dinamo Zagreb, 2005 for Hajduk Split
  • Kroatisk cupvinnar: 2001, 2003, 2004 for Dinamo Zagreb
  • Vinnar av FA-cupen: 2008 for Portsmouth

KjelderEndra