Borkplystrarar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Falcunculus)

Borkplystrarar er ei gruppe av tre fugleartar i slekta Falcunculus som er endemiske til Australia der dei lever i open eukalyptusskog og i anna skogshabitat. Slekta er einaste slekta i borkplystrarfamilien Falcunculidae. Dei tre artane i slekta lever alle i Australia utan overlappande utbreeiing.

Borkplystrarar
Austborkplystrar, F. frontatus, hann
Austborkplystrar, F. frontatus, hann
Austborkplystrar, F. frontatus, hoe
Austborkplystrar, F. frontatus, hoe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Pachycephaloidea
Familie: Borkplystrarfamilien
Slekt: Borkplystrarar Falcunculus
Vieillot, 1816

Skildring

endre

Dette er tre artar som skil seg lite i utsjånad og storleik. Kroppslengda er 16–19 cm med meiseliknande draktmønster, men nebbet er særs kraftig. Hannane er større enn hoene i venglengd, vekt og nebbstorleik. Hannane har svart strupe, medan hoene har olivengrøne strupar, og begge kjønn har kontrastfulle svarte og kvite markeringar i ansiktet.

Borkplystrarar er i prinsippet altetarar, men lever hovudsakleg av insekt og andre virvellause dyr. Frø og bær er òg del av dietten. Dei har ein papegøye-liknande nebb, brukt til karakteristisk åtferd med fjerning av bork, som gir dei tilgang til virvellause dyr. Lætet av borkstrimlane som blir rivne av tre gir ein indikasjon på nærværet deira. Songen er karakteristisk langtona, kontaktropa er mjuke.

Dei hekkar høgt i eit eukalyptustre, i ein tregreingaffel, begge kjønna deler ruging og oppfostringa av ungane. Det kan vere to eller tre egg i kullet.

Habitatet består først og fremst av eukalyptskogar, av og til i skogområde dominert av papirbork i tetreslekta Melaleuca eller nøtteved (Terminalia arostrata). I det nordlege territoriet er det ein liten populasjon i eit område med breiblada papirborkskog (Melaleuca viridiflora) som er sesongmessig overfløymd. Austborkplystrar i søraust kan òg treffast i hagar og parkar, i lågvaksen krattskog, i plantasjar av innført furu og i gjenvekstskogar.

Artsliste

endre

Borkplystrarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2]

to mindre utbreiingsområde i norlegaste Australia
lever i avgrensa område sørvestlegaste Australia
vidt utbreiingsområde i austlege Australia (New South Wales, Victoria, inn i Queensland og South Australia)

Kjelder

endre
Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 19. mars 2024. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 19. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre