Austborkplystrar

art av sporvefuglar

Austborkplystrar (Falcunculus frontatus) er ein starestor fugl som er monotypisk i slekta Falcunculus. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen borkplystrarfamilie Falcunculidae.[1] Han er endemisk for Det australske kontinentet.

Borkplystrar
Borkplystrarhann
Borkplystrarhann
Borkplystrarhoe
Borkplystrarhoe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Borkplystrarfamilien
Slekt: Borkplystrarar
Art: Borkplystrar F. frontatus
Vitskapleg namn
Falcunculus frontatus

Skildring

endre

Dette er ein mellomstor sporvefugl, ca. 16 til 19 centimeter, og rundt 30 gram i kroppsvekt. Denne arten syner variasjonar i fjørdrakt både mellom kjønna og mellom dei tre underartane. Generelt har desse fuglane underside med kraftig gulfarge, oversida er mørk, meir avdempa grøngul til grå. Midtfeltet på hovudet frå nebb til nakke er mørkt og hannar syner oppreiste fjører. Strupen og øvre bryst er mørkt med skarpt skilje mot den gule undersida. Sidene av hovudet er i kvitt med eit mørkt kontrastrikt band frå panna ned og baketter gjennom auget til nakken. Nebbet er svart, stutt og lateralt samantrykt, beina er mørke grå. Hofuglane har grønfarge i strupe og hals der hannar er svarte. Underarten i sørvestre Australia har kvit buk i staden for gul.[2]

Føda er insekt med innslag av andre virvellause dyr, frø og frukter. Utbreiingsområdet er samanhengande område over det søraustlege australske kontinentet, frå søraustre South Australia, gjennom Victoria og store delar av austre New South Wales.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder

endre
  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  2. 2,0 2,1 Boles, W. (2016). Crested Shrike-tit (Falcunculus frontatus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. september 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Falcunculus frontatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mars 2024

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Austborkplystrar