Falsche Welt, dir trau ich nicht

Welt, dir trau ich nicht, BWV 52, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Welt, dir trau ich nicht
BWV 52
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1726
Urframføring24. november 1726
Publiseringsdato1863
Typisk lengd15:16
Satsar/akter6

Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den 23. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 24. november.

Teksten er skriven av Adam Reusner (sjette sats), medan resten er av ukjend diktar.

Instrumentering og struktur

endre

Stykket er instrumentert for to valthorn, tre oboar, fagott, to fiolinar, bratsj, orgel, continuo samt ein songsolist (sopran) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. Sinfonia i F-dur
  2. «Falsche Welt, dir trau' ich nicht!», Resitativ for sopran
  3. «Immerhin, immerhin, wenn ich gleich verstoßen bin», Arie for sopran
  4. «Gott ist getreu! Er wird, er kann mich nicht verlassen», Resitativ for sopran
  5. «Ich halt es mit dem lieben Gott», Arie for sopran
  6. «In dich hab ich gehoffet, Herr», Koral

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre