Fana kulturhus

Fana kulturhus er eit kulturhus på Nesttun i Fana i Bergen. Bygningen er teikna av Bjerk & Bjørge arkitekter for eiendomsselskapet Zuurhaar & Rubb og vart opna 31. oktober 2009.[1] Bergen kommune leigar kulturhuset av eigedomsselskapet. Det ligg ved Nesttunsenteret.

Fana kulturhus, den tidlegare Nesttun Uldvarefabrikk
Heile komplekset

Bygningen er sett saman av to delar. Den gamle delen med mellom anna inngangsparti og kontor for Fana og Ytrebygda kulturkontor er den tidlegare Nesttun Uldvarefabrikk opphavleg bygd rundt 1890.[2] Frå det gamle bygget til den nye delen over Nesttunelva går det ein glaskorridor. Der ligg mellom anna lobby, hovudsal og småsal. Kulturdelen er på om lag 2 500 kvadratmeter, i tillegg kjem næringsdelen med kontor og butikklokale slik at totalarealet vert på 8 500 kvadratmeter.[1] Kunstnerisk utsmykking er laga av mellom anna Hilde Kjønniksen, Stefan Türner, Alf Rongved og Per Remfeldt.[2]

Kulturhuset vert brukt til scene for profesjonelle og amatørar innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Det er òg forestillingar og aktivitetar for barn og møtelokale for diverse organisasjonar. Kultursalen har skyveamfi med 359 sitjeplassar eller om lag 600 ståplassar.[2]

KjelderEndra

FotnotarEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Dahl, Anne-Grethe (30. oktober 2009). «Klar, ferdig, kulturhus!». Bergens Tidende. Henta 16. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Fana kulturhus/Om huset». Bergen kommune. 27. september 2011. Henta 16. januar 2016. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Fana kulturhus