AMFI Nesttun
AMFI Nesttun, tidlegare Nesttunsenteret, er eit kjøpesenter i Fana bydel i Bergen, ca. 10 km sør for Bergen sentrum. Senteret opna i 1996 og har 23 butikkar. Det ligg i Nesttun sentrum, kommunesenteret i tidlegare Fana kommune, som er eit komprimert handels- og serviceområde med i alt 110 verksemder innan handel, post og bank i tillegg til ei rekkje private og offentlege servicefunksjoner. Staden er eit trafikknutepunkt, og Nesttun terminal var førebels endestasjon for byggjetrinn éin i utbygginga av Bybanen i Bergen. Bybanestasjonen Nesttun sentrum vart bygd rett utanfor senteret, og opna 21. juli 2013 då byggjetrinn to i utbygginga av bybanen stod ferdig.
AMFI Nesttun | |||
| |||
Offisielt namn | AMFI Nesttun | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Nesttunsenteret | ||
Adresse | Østre Nesttunvegen 16 5221 Nesttun | ||
Stad | Nesttun i Noreg | ||
Opna | 1996 | ||
Butikkar | 23 | ||
Parkering | 400 | ||
Tidlegare namn | Nesttunsenteret | ||
Nesttunsenteret 60°19′02″N 5°21′15″E / 60.317227°N 5.35414°E |
5. november 2015 bytta senteret namn frå Nesttunsenteret til AMFI Nesttun då AMFI Drift AS tok over drifta.[1]
Fotnotar
endre- ↑ «AMFI Nesttun omprofilering». joomag.com. Henta 30. desember 2015.