Fantastic Voyage
Song av David Bowie
frå albumet Lodger
Utgjeve 18. mai 1979
Innspelt September 1978 til mars 1979
Sjanger Kunstrock
Lengd 2:55
Selskap RCA
Komponist David Bowie, Brian Eno
Tekstforfattar David Bowie, Brian Eno
Låtskrivar(ar) David Bowie, Brian Eno
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Fantastic Voyage» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno i 1979 for albumet Lodger. Det har nesten nøyaktig den same akkordsekvensen som «Boys Keep Swinging» frå det same albumet. Han har òg komen ut som B-side til singlane «Boys Keep Swinging» og «Peace on Earth/Little Drummer Boy», og den amerikanske utgåva av «DJ».

Medverkande endre

Andre utgjevingar endre

Songen kom ut som ei biletplate som ein del av Fashions Picture Disc Set.

Konsertversjonar endre

«Fantastic Voyage» vart framført for første gongen på konsert under A Reality Tour i 2003. I følgje biografen Nicholas Pegg «var det eit godt val både politisk og estetisk: det globale klimaet med Irakkrigen og etterverknaden, kjenslene uttrykte i 'Fantastic Voyage' har aldri verka meir høvande.»[1] Eit konsertopptak frå november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, og på konsertalbumet A Reality Tour frå 2010. Det er ein av dei siste songane Bowie framførte på scenen, då han seint i 2006 framførte songen i lag med «Changes» og «Wild Is the Wind»).[2]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Nicholas Pegg, The complete David Bowie, Reynolds & Hearn, 2006, p.75.
  2. Gilmore, Mikal (2. februar 2012), «How Ziggy Stardust Fell to Earth», Rolling Stone magazine (1149): 36–43, 68 
  3. Meiburg, Jonathan (13. mai 2016). «Shearwater covers the entirety of David Bowie’s Lodger». The A.V. Club. Onion, Inc. Arkivert frå originalen 1. juli 2016. Henta 22. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff endre