Farnborough i Hampshire

Farnborough er ein by i grevskapet Hampshire i England, om lag 50 kilometer sørvest for London. Han er administrasjonsbyen i distriktet Rushmoor og er ein del av byområdet til den jamstore og nærliggande Aldershot, med totalt om lag ein kvart million innbyggjarar. Farnborough har kring 60 000 innbyggjarar. Administrativt er han delt inn i ni mindre kretsar, eller wards.[1]

Farnborough

Fanrborough jernbanestasjon kring 1914
Fanrborough jernbanestasjon kring 1914
Fanrborough jernbanestasjon kring 1914
Plassering
Farnborough i Hampshire is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Rushmoor
Geografi
Flatevidd
 - By

19,49 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

61 201
  3 140,1 /km²
Koordinatar 51°17′N 0°45′W / 51.283°N 0.750°W / 51.283; -0.750
Diverse annan informasjon
Postnummer GU14
Telefon-retningsnummer 01252, 01276
Commons har multimedium som gjeld: Farnborough i Hampshire

Farnborough er mest kjend for flyplassen og den internasjonale flyutstilligna som vert halde annakvart år. Dei åra flyutstillinga ikkje er her, vert han halden o Le Bourget i Paris. Det var her Samuel Cody gjennomførte den første flyginga i Storbritannia med ein motordriven farkost i 1908. Royal Aircraft Factory (RAF) starta her i 1911 ein fabrikk for produksjon av sperreballongar. I 1918 bytte ein namn til Royal Aircraft Establishment (RAE) for å ikkje forvekslast med det nyoppretta Royal Air Force (RAF). Fabrikken spelte ei stor rolle under begge verdskrigane, og har drive forsking med flytypar og jetmotorar. I dag inngår RAE i Defence Evaluation and Research Agency (DERA).

Sport i Farnborough endre

Det vesle fotballaget Farnborough Town FC, som ikkje høyrer til ligasystemet, fekk nasjonal merksemd i 2003 då dei to seg heilt til fjerde runde i FA-cupen og trekte vinnaren frå året før, Arsenal FC, på heimebane. Dei tapte kampen 1-5.

17. april 1860 vart det første verdsmeistermøtet i boksing gjennomført mellom John Heenan og Tom Sayers. Kampen varte i 37 runder då tau rundt boksen gjekk sundt. Etter at dette vart fiks varte kampen fem rundar til før dommaren braut av kampen og erklærte han som uavgjort.

Kjelder endre

  1. Rushmoor Borough Council, The population of Aldershot and Farnborough, arkivert frå originalen 2. september 2012, henta 13. juli 2011