Fatima Whitbread (fødd 3. mars 1961) er ein britisk tidlegare spydkastar frå London som vart europameister 1986 og verdsmeister 1987. Ho vann elles to OL-medaljar og ein VM-medalje i tida 1983-88.

Fatima Whitbread


Statsborgarskap Storbritannia, Nord-Kypros
Fødd 3. mars 1961 (63 år)
Stoke Newington
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, Bislett-medaljen, BBC Sports Personality of the Year Award

Aktiv endre

Whitbread fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1983-sesongen, då ho tok sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i finske Helsinki, vel halvannan meter bak heimefavoritten Tiina Lillak. Året etter fekk Whitbread bronsen under sommarleikane i Los Angeles.

Åra 1986-87 kasta Whitbread på eit nivå ingen annan hadde gjort før henne. I kvalifiseringa under EM i friidrett 1986 gjorde ho sitt livs lengst kast på heile 77,44 meter, to meter over verdsrekorden. I finalen fylgde ho opp med 76,32 meter og ein soleklar siger. Året etter vann ho gullmedaljen under verdmeisterskapen i Roma, vinnarkastet på 76,64 m var nær fem meter lengre enn det sølvvinnaren Petra Felke oppnådde. Under den olympiske leikane i 1988 var rollene omsnudd, Felke kasta då lengre enn tidlegare medan Whitbread ikkje heldt det høge nivået frå 1986-87-sesongane. Whitbread tok likevel OL-sølvet med stor margin.

Skadar førte til at ho la opp i 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre