Ilse Kristiina Lillak, kjend som Tiina Lillak, (fødd 15. april 1961) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsinki som på heimebane i 1983 vart den aller fyrste verdsmeisteren i spydkasting. Lillak sette verdsrekord både i 1982 og i 1983.

Tiina Lillak

Statsborgarskap Finland
Fødd 15. april 1961 (63 år)
Helsingfors
Yrke spydkastar
Høgd 181 centimeter

Aktiv endre

Nitten år gammal makta ikkje Lillak å kvalifisere seg til spydfinalen i sin meisterskapsdebut under Moskva-OL. I slutten av juli 1982 sette ho derimot verdsrekord med eit kast på 72,40 meter heime i Helsinki, medan ho ved europameisterskapen 1982 i Athen i byrjinga av september månad enda på fjerdeplassen med sine 66,26 meter, europameister vart greske Anna Verouli. Bronsevinnaren i meisterskapen, Sofia Sakorafa, også ho gresk, tok sist i september over som verdsrekordhaldar med 74,20 meter.

Den 13. juni 1983 tok Lillak i Tampere tilbake verdsrekorden då spydet landa på 74,76 meter. Nøyaktig to månader seinare, 13. august 1983, fann spydfinalen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett stad i heimbyen til Lillak. Føre siste omgangen leia britiske Fatima Whitbread framom Lillak og Verouli, Etter at dei to andre nemnde utøvarane hadde fullført tevlinga, slengde Lillak spydet 70,82 meter og vann med det gullmedaljen.

Under dei olympiske leikane 1984 tok Lillak med sine 69,00 meter sølvmedaljen bak Tessa Sanderson og framom Whitbread. To år seinare vart Lillak med 66,66 meter nummer fire i europemeisterskapen, nesten ti meter bak vinnaren Fatima Whitbread. Whitbread vann også VM 1987, Lillak enda då som nummer seks med 66,82 meter.

Lillak lukkast ikkje ta seg til finalen, korkje i Sommar-OL 1988 eller i VM 1991. Under EM 1990 vart ho nummer ti, i ei tevling landskvinna Päivi Alafrantti vann.

Lillak la opp i 1992, etter å ha vorte finsk spydmeister i 1980, 1981, 1983, 1985, 1986, 1987 og 1990.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre