Feistein fyrstasjon

(Omdirigert frå Feistein fyr)

Feistein fyr er eit fyr i Klepp kommuneJæren. Fyret ligg på ein holme ved Jærens rev, og utanfor Borestranda og Selestranda. Feistein fyr vart oppretta i støypejern i 1859. Det vart automatisert og avfolka i 1989, og er freda som kulturminne.

Feistein fyrstasjon

FylkeRogaland
KommuneKlepp
FunksjonInnseglingsfyr
Oppretta1859
Koordinatar58°49.5746′N 5°30.3118′E / 58.8262433°N 5.5051967°E / 58.8262433; 5.5051967
Fyrtårn
Høgd26
FormRaudt jerntårn med to kvite belte. Bifyr.
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterTo glimt kvart 20. sek.
Bifyr: to okkulterande blink kvart 8. sek.
Lyshøgd34 moh
Bifyr: 20,7 moh.
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1989
Avfolka1989
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Feistein fyrstasjon
58°49′34″N 5°30′19″E / 58.82611111°N 5.50527778°E / 58.82611111; 5.50527778
Feistein fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Feistein fyrstasjon

Den franske fyrlampen frå 1914 er framleis i drift. Delar av diafonen og eit eldre klippapparat er bevart. Ved fyret ligg maskinhus og oljetankar, bustad, uthus, og tufter etter tidlegare bustader, uthus og naust. I tillegg tilå vere verna som kulturminne inngår fyrstasjonen i Jærstrendene landskapsvernområde etter lov om naturvern.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre