Leopardmår

pattedyrart

Leopardmår (Nandinia binotata) er ein rovdyrart innanfor dei katteliknande rovpattedyra (Feliformia). Han liknar på snikekattar og er eit trelevande dyr som lever i sentrale delar av Afrika sør for Sahara og hovudsakleg ernærer seg av frukt. Han er ikkje nært i slekt med nokon andre rovdyrartar og er derfor plassert i sin eigen monotypiske familie, Nandiniidae.

Leopardmår
Leopardmår
Leopardmår
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Leopardmår
Utbreiinga av Leopardmår
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Nandiniidae
Slekt: Nandinia
Art: Leopardmår N. binotata
Vitskapleg namn
Nandinia binotata

Leopardmårar er nattaktive og lever i skogsområde oppe i tre, men er relativt tilpassingsdyktige og kan også finnast i avskoga område og i nærleiken av menneskebusetjingar. Sjølv om dei lokalt blir jakta på som kjøtt, for medisinske formål eller for pelsen, er dei blant dei vanlegaste smårovdyra i utbreiingsområdet.

Skildring

endre

Ytre kjenneteikn

endre

Leopardmårar har ei kroppslengd på 37 til 62,5 cm, med ein hale på 34 til 76,5 cm. Dei veg rundt 1,2 til 3 kg. Hannene er noko større enn hoene. Utsjånadmessig er leopardmårar lite iaugefallande dyr. Hovudet er breitt, snuten spiss med ein mørkebrun nasetipp. Øra er korte, breie ved basen og avrunda, med ein mørk flekk bak kvart øre. Irisen i auga er brun-oransje. Kroppen er dekt av ein kort, ullen og tett pels som er gråbrun til mørkebrun, med uregelmessige mørke flekker på ryggen. Langs nakken går tre til fem mørke lengdestriper, og det er ein markant kvitaktig-gul flekk på kvar skulder. Mot borken på eit tre er denne farga nesten umogleg å skilje ut. Buksida er litt lysare enn ryggen. Farga og mønsteret på pelsen kan variere stort både regionalt og individuelt, og albinisme finst ekstremt sjeldan. Halen, som er lengre enn kroppen, er tett dekt av hår og har 9 til 15 mørke ringar, som vanlegvis ikkje er samanhengande på undersida.

Lemmene er korte og kraftige, og har berre svake flekker. Potane har fem delvis inntrekkberre klør. Dyra er solegjengarar med velutvikla og store hand- og fotsolar. Eit artstypisk kjenneteikn er hårvekst på fotsolane mellom sole- og tåballane, som ikkje finst hos andre katteliknande dyr, og dessutan den relativt store avstanden mellom tåballane på tredje og fjerde tå. Begge kjønn har ein duftkjertel framføre kjønnsorgana som produserer ein gulaktig, moskusliknande væske. Denne kjertelen er flat og enklare bygd samanlikna med kjertlane til snikekattar. Andre duftkjertlar finst på strupen, under fotsolane og på buken hos hoer som dier. Hoene har to par spenar.

Kraniekjennetegn

endre

Kraniet skil seg frå alle andre katteliknande ved at ørekapselen har eit bruskaktig fremre område, sjølv hos vaksne dyr. Snutepartiet på kraniet er forlengt, kinnbogane er relativt utstikkande, og sagittalkammane er tynne og forhøgde.

Dyra har i både over- og underkjeven tre fortenner (incisivi), éi hjørnetann (caninus), fire «småjekslar» (premolarar) og to jekslar (molarar) på kvar side av kjeven, noko som gir totalt 40 tenner. Den andre molaren kan mangle hos enkelte individ.

Utbreiing og habitat

endre

Leopardmårar høyrer heime i skogområda i det vestlege og sentrale Afrika, og utbreiingsområdet strekkjer seg frå Senegal og Gambia i vest, austover til det sørlege Sør-Sudan og sørover i Aust-Afrika til Zimbabwe og Mosambik.

Habitata finst hovudsakleg i tropiske regnskogar, men dei lever også i andre typar skog, som galleriskogar og tørrare lauvskogar, og nokre gonger i skogkledde savannar. I fjellområde, til dømes i Kamerun eller Tanzania, lever leopardmårar i høgder opp til 2500 meter over havnivå. Dei er relativt lite kjenslevare for menneskeleg forstyrring og kan også leve i sekundærskog og delvis avskoga regionar.

Levevis

endre

Leopardmårar er nattaktive trebuarar. På dagtid søv dei på breie, vassrette greiner, i tett lianavegetasjon eller i trehol, vanlegvis 12 til 15 meter over bakken. Takka vere sine delvis hårdekte fotsolar og fotstilling er dei utmerkte klatrarane som kan klatre nedover ein trestamme med hovudet først. Halen blir brukt til balanse og kan viklast rundt ei grein for stønad, men han er ikkje utvikla som ein gripehale. Dei kan også røre seg på glatte overflater som tak og utføre sprang på opptil éin meter i lengde eller opp mot 1,8 meter i høgde.

Sosial åtferd

endre

Desse dyra er territoriale einstøingar som berre kjem saman i korte periodar for paring. Talet på individ i ulike område varierer; i Gabon vart det registrert rundt fem individ per kvadratkilometer, og i nokre område, spesielt nær vatn, opptil åtte individ per kvadratkilometer. I Bwindi Impenetrable National Park i Uganda vart det i låglandet registrert i gjennomsnitt 2,2 individ per kvadratkilometer, medan det i høgder over 2000 meter vart registrerte 3,3 individ per kvadratkilometer.

Territoria til hannane er i gjennomsnitt 85 hektar store, mykje større enn hoene sine som har territorium på rundt 45 hektar. Storleiken på territoria til hoene avheng hovudsakleg av tilgjengeleg mattilgang; territoria blir markerte med duftsekret og overlappar sjeldan med andre. Territoria til hannane overlappar med territoria til fleire hoer, og storleiken på territoriet avheng meir av talet på hoer enn av mattilgang. Det finst større, dominerande hannar med større territorium, større duftkjertlar og testiklar enn mindre, underordna hannar. Territoria til hannane kan nokre gonger overlappe kvarandre, og dei dannar då fleire sektorar. Sjølv om hannar sjeldan møter kvarandre, kan det oppstå kampar når dei gjer det. Dominerande hannar besøkjer jamleg alle sektorane i territoria sine, medan underordna hannar vanlegvis held seg i kjernområdene og unngår møte med dominerande hannar. Underordna hannar held også fram med å vere mindre og utviklar på grunn av konkurransestress berre små testiklar og duftkjertlar. Ikkje kjønnsmodne hoer blir vanlegvis i territoriet til mora, medan hannar forlèt territoriet til mora kort tid etter avvenning.

Begge kjønn lagar lange, klagande «huu»-lyder, spesielt i paringstida, som kan høyrast opptil éin kilometer unna. I tillegg kommuniserer dei direkte gjennom lågare lydar, som hosteliknande uttrykk. Duftkjertlane speler også ei viktig rolle i kommunikasjonen, og blir mellom anna brukt til å markere territorium. Dyra gnir kjertlane mot greiner eller trestammar og spreier duftsekretet, som kan sporast og blir lukta i fleire månader. Gjennom duftkjertlane mellom tærne set dei også igjen duftspor medan dei går.

Føde

endre

Leopardmårar er altetarar, som hovudsakleg lever av frukt, omtrent 80 % av kosthaldet. Dei et i løpet av fem til ti minutt, og tek deretter ein kvilepause på omtrent to timar i eit nærliggjande tre. Når det er rikeleg med mat tilgjengeleg, kan opptil 15 dyr samlast i eitt enkelt tre. Hoene ser ut til å ha forrang ved slike samlingar. Dyra defekerer allereie to til tre timar etter å ha ete fruktene. Dei speler ei viktig rolle i spreiinga av frø.[1]

Dei resterande 20 % av kosthaldet består av animalsk føde, som gnagarar, små primatar, insekt og dessutan fuglar og eggja deira. Dei kastar seg over byte, pressar det mot bakken med forpotane og drep det med bit over heile kroppen. Av og til eit dei også åtsel. Dyr som lever nær menneske, eit ofte avlingar eller trengjer inn i fjøs der dei kan angripe fjærkre. Det finst rapportar om at dyr i fangenskap drikk alkohol, ei mogleg forklaring er at kroppen deira er tilpassa etter å ha ete overmoden eller gjærande frukt.[1]

Reproduksjon og utvikling

endre

Éin eller to gonger i året føder hoa i gjennomsnitt to ungar etter ein drektigheitsperiode på rundt 64 dagar. Paringa er sesongprega, og fødslane skjer ofte mot slutten av regntida eller byrjinga av tørketida, når mattilgangen er størst. I Gabon finn dei fleste fødslane stad frå september til januar, men aldri frå mars til juni. Nyfødde vegar rundt 56 gram, er reirbuarar, og har lukka auge og øyre ved fødselen. Ungane når vaksen storleik og vekt etter seks til ni månader, men dei byrjar å følgje mora på dei nattlege streiftoga hennar før dei er fullvaksne.

Den dokumenterte maksimalalderen i fangenskap er 16 til 18 år.

Predasjon

endre

Som andre små rovdyr blir leopardmårar også byttedyr for ulike rovdyr. Større rovdyr, slangar og rovfuglar speler ei viktig rolle som naturlege fiendar.

Systematikk

endre

John Edward Gray var den første som skildra leopardmår i 1830 og gav han namnet Viverra binotata basert på eit zoologisk eksemplar frå eit museum i Leiden.

Resultat frå morfologiske og molekylære genetiske analysar viser at han skil seg frå snikekattfamilien (Viverridae) og han er den mest genetisk isolerte rovdyrarten og den einaste arten i heile overfamilien sin.

Fylogenetisk tre
Indre systematikk for katteaktige rovpattedyr[2]
Katteaktige rovpattedyr (Feliformia)

Leopardmår (Nandiniidae)



Viverroidea

Snikekattfamilien (Viverridae)




Hyenar (Hyaenidae)




Mungofamilien (Herpestidae)



Gassiske snikekattar (Eupleridae)





Feloidea

Linsangar (Prionodontidae)



Kattefamilien (Felidae)





Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Pardelroller» frå Wikipedia på tysk, den 8. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
    • Philippe Gaubert: Family Nandiniidae (African Palm Civet) / Genus Nandinia In: Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Volume 1: Carnivores. Lynx Edicions, Barcelona 2009, ISBN 978-84-96553-49-1, S. 50–53.
    • Ronald M. Nowak: Walker’s Mammals of the World. Johns Hopkins University Press, Baltimore 1999, ISBN 0-8018-5789-9.
    • Wilson, D. E., and D. M. Reeder: Mammal Species of the World. Johns Hopkins University Press, Baltimore 2005, ISBN 0-8018-8221-4.
Referansar
  1. 1,0 1,1 Philippe Gaubert: Genus Nandinia In: Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (Hrsg.): Handbook of the Mammals of the World. Volume 1: Carnivores. Lynx Edicions, Barcelona 2009, ISBN 978-84-96553-49-1, S. 52–53.
  2. Alexandre Hassanin, Géraldine Veron, Anne Ropiquet, Bettine Jansen van Vuuren, Alexis Lécu, Steven M. Goodman, Jibran Haider, Trung Thanh Nguyen: Evolutionary history of Carnivora (Mammalia, Laurasiatheria) inferred from mitochondrial genomes. PLOS One, 16. Februar 2021. doi:10.1371/journal.pone.0240770.

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Nandiniidae
  Commons har multimedium som gjeld: Leopardmår