Felix Mendelssohn

(Omdirigert frå Felix Mendelsohn)

Jakob Ludwig Felix Mendelssohn (Bartholdy) (3. februar 18094. november 1847) var ein tysk romantisk komponist av jødisk opphav. Han var kanskje det største vedunderbarnet etter Mozart.

Felix Mendelssohn

Fødd3. februar 1809
FødestadHamburg
Død4. november 1847 (38 år)
DødsstadLeipzig
OpphavKongeriket Sachsen, Hamburg
Aktiv1826–1843
Sjangeropera, klassisk musikk, symfonisk musikk
Instrumentorgel, piano, fiolin
Verka somkomponist, pianist, organist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar, kunstmålar, skribent
MorLea Mendelssohn Bartholdy
FarAbraham Mendelssohn Bartholdy
Gift medCécile Charlotte Sophie Mendelssohn Bartholdy
BornPaul Mendelssohn Bartholdy der Ältere, Carl Mendelssohn Bartholdy, Lili Wach, Marie Benecke
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, honorary citizen of Leipzig, Pour le Mérite
Felix Mendelssohn

Bakgrunn endre

Jakob Ludwig Felix Mendelssohn vart fødd i Hamburg som son av ein bankier, Abraham, som igjen var son av den kjende tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn. Felix sin familie flytte til Berlin i 1812 og konverterte etterkvart til kristendommen. I samband med at borna vart døypte i 1816 og foreldra i 1822 tok dei det ekstra etternamnet Bartholdy. Søster hans var Fanny Mendelssohn (seinare Fanny Hensel), som òg var ein velkjend pianist.

Mendelssohn fekk pianoundervisning av mor si da han var seks, og da han var sju vart han undervist av Marie Bigot i Paris. Frå 1818 studerte han komposisjon med Carl Friedrich Zelter i Berlin. Han gjorde truleg sin første offentlege konsert som niåring, da han deltok på ein kammerkonsert. Han var tidleg ein produktiv komponist, og skreiv sitt første publiserte verk, ein pianokvartett, da han var 13 år gammal. Goethe møtte den unge Mendelssohn og fekk straks sansen for han: «Når eg er trist, kom og muntre meg opp med spelet ditt!»[treng kjelde]

Karriere endre

Mendelssohn skreiv den første symfonien sin da han var 15, og da han var 17 skreiv han ein ouverture til Shakespeares Ein midsommarnattsdraum, som truleg kan seiast å vera Mendelssohns første velkjende verk (han skreiv seinare meir musikk til stykket). I 1827 såg han for første gong ei oppsetjing av ein av sine operaer, Die Hochzeit des Camacho. Han hadde skrive fleire operaer tidlegare.

I 1830 skreiv Mendelssohn konsertouverturen Die Hebriden (Hebridane – òg kjend under namnet Fingal’s Cave) – eit stykke som framleis er populært i dag. Det var inspirert av vitjingar han gjorde til Skottland sist på 1820-talet. Desse vitjingane inspirerte òg den tredje symfonien hans, Den skotske symfonien, som vart skriven i ledige stunder kring perioden 1830 til 1842. Mendelssohn reiste vidt ikring i Europa i løpet av livet, og ei vitjing til Italia inspirerte eit av dei mest kjende verka hans, Symfoni Nr. 4, Den italienske – fullført i sin endelege versjon i 1834. Alt i alt skreiv Mendelssohn fem symfoniar. Han skreiv òg to klavérkonsertar og ein berømt fiolinkonsert som er eit standardverk for profesjonelle fiolinistar.

I tillegg til orkestermusikk skreiv Mendelssohn òg kammermusikk, inkludert ein strykeoktett (1825), pianomusikk, inkludert Lieder ohne Worte og to store oratorium, Paulus (1836) og Elias (1846). Oratoria var sterkt inspirerte av Johann Sebastian Bach – ein komponist som Mendelssohn har hovudæra for å ha brakt fram i lyset att etter å ha vore mykjegodt bortgløymd ei tid. Ei særleg viktig hending i samband med dette var Mendelssohns svært vellukka oppsetjing av Matteuspasjonen av Bach i 1829.

I 1842 skreiv Mendelssohn scenemusikk for Shakespeares skodespel Ein midsommarnattsdraum, inkludert den vidgjetne bryllupsmarsjen som vert brukt (særleg ved utgangen) i mange bryllup. Den andre mest populære bryllupsmarsjen (særleg bruka for bruras inngang) er Brudekoret frå operaen Lohengrin av Richard Wagner. Desse to marsjane vart første gong vald for bruk saman av prinsesse Victoria, eldste dotter av dronning Victoria av Storbritannia og Irland for bryllaupet hennar med kronprins Friedrich Wilhelm av Prøyssen den 25. januar 1858, og har vorte ein svært utbreidd tradisjon i ettertid. Endå Mendelssohn ikkje generelt er sett på som ein spesielt innflytingsrik komponist, var verka hans svært populære i levetida hans – og er framleis populære i dag.

Mendelssohn sleit med dårleg helse i dei siste åra av livet sitt, og det er sagt at han var ovleg melankolsk etter at søster hans, Fanny, døydde i mai 1847. Felix Mendelssohn døydde den 4. november 1847 i Leipzig.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Felix Mendelssohn