Opna hovudmenyen
Femøring avbilda oppe til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Femøring eller femøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1875 til 1982.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, eit kongeportrett eller ei riksløve. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

reversen hadde mynten først eit 5-tal med bladkrans, sidan ulike variantar av teksten 5 øre før mynten frå 1958 hadde biletet av ein elg og teksten 5 øre-Norge.

Innhaldsliste

Bruk til leikEndra

Dei store femøringane var gjevast å bruke når ein skulle kaste på stikka, ein vanleg guteleik så lenge femøringen var i sirkulasjon.[1]

VariantarEndra

Norske femørar
Myntherre Metall Vekt Utmynta år Kunstnar
Oskar II bronse 8,00 g 1875-1902
Håkon VII bronse 8,00 g 1907, 1908-16, 1921-41, 1951-52, 1952-57
Håkon VII jern 6,69 g 1917-1920
Okkupasjonsmynt jern 6,94 g 1941-1945
Olav V bronse 8,00 g 1958-1973 Per Palle Storm
Olav V bronse 3,00 g 1973-1982 Øivind Hansen

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra