Fermín Cacho Ruiz (fødd 16. februar 1969) er ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå Ágreda som spesialiserte seg på 1500-meterløp. Han vart olympisk meister på 1500 meter under OL 1992 på spansk heimebane og vart europameister på distansen i 1994. I 1997 sette Cacho europarekord på 1500 meter med 3.28,9, ein rekord som stod i 16 år.

Fermín Cacho


Statsborgarskap Spania
Fødd 16. februar 1969 (55 år)
Ágreda
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

storkors av Ordenen for sportsfortjenester, Premios Nacionales del Deporte, Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Aktiv endre

Cacho markerte seg i toppen på 1500 m med andreplassar ved innandørs-EM 1990 i Glasgow, like bak tyske Jens-Peter Herold og ved innandørs-VM 1991 i Sevilla, der Noureddine Morceli frå Algerie vart for sterk. Sommaren 1991 var han nær ved å take bronsemedaljen under verdsmeisterskapen, men enda som femtemann.

Cacho vart ikkje rekna mellom dei fremste gullkandidatane i OL-finalen 1992, på spanske heiembane i Barcelona. Men løpet gjekk unna i labert tempo, og i spurten kunne ingen stå mot den temposterke Cacho som vann gull på den moderate vinnartida 3.40,12. Året etter sikra han seg sølvmedaljen på yndlingdistansen då friidretts-VM 1993 fann stad i tyske Stuttgart, mot verdsrekordhalden Noureddine Morceli var han sjanselaus. I 1994 tok Cacho gull på 1500 meter under EM i Helsinki.

Under Sommar-OL 1996 i Atlanta var Hicham El Guerrouj frå Marokko den største favoritten. Han ramla i den tredje runden. Cacho måtte då bykse over Guerrouj for ikkje å falle, og tapte verdifulle meter til Noureddine Morceli. Dermed nådde han ikkje att Morceli, men lukkast knipe OL-sølvet. Året etter vann Cacho endå ein sølvmedalje på 1500 m, løpet i VM 1997 i Athen vart vunne av Hicham El Guerrouj. Ei veke etter verdsmeisterskapen sette Cacho under eit stemne i Zürich ny europarekord med tida 3.28,95.

Cacho var involvert i medaljekampen på 1500 m både under EM 1998 i Budapest og VM i Sevilla året etter. I europameisterskapen tok han bronsen, bak landsmannen Reyes Estevez og Rui Silva frå Portugal. Under friidretts-VM på spansk heimebane i 1999 måtte han gje tapt for same Estevez i kampen om bronsemedaljen, og enda på fjerdeplass.

Ein aklilles-skade førte til at han lopp i 2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre