Fever av Aerosmith

Fever
Singel av Aerosmith
frå albumet Get a Grip
Utgjeve 30. august 1993
Innspelt 1992
Sjanger Hardrock
Lengd 4:15
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Steven Tyler og Joe Perry
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
«Eat the Rich»
(1993)
Fever «Cryin'»
(1993)


«Fever» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Songen kom ut på det særs suksessrike albumet deira Get a Grip i 1993. Han vart skriven av Steven Tyler og Joe Perry og er den einaste Tyler/Perry-songen på Get a Grip skriven utan hjelp av eksterne «song-doktorar». Sngen er det fjerde sporet på Get a Grip, og er fire minuttar og femten sekundar langt. Songen nådde femteplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista og er ein av sju spor frå Get a Grip som gjekk inn på ei salsliste.

Innhald

endre

Songen ser ut til å handla om å ha det gøy, og korleis bandmedlemmene, spesielt Steven Tyler, har forlate narkotika til fordel for sex og andre fornøyelege ting i livet, med tekstar som «the buzz that you be gettin' from the crack don't last, I'd rather be OD'in on the crack of her ass.».

Songen har tungt gitarspel av Joe Perry og Brad Whitford, ein fartsfylt trommerytme og bassrytme av Joey Kramer og Tom Hamilton, og høg og variert song og munnspel av Tyler. Gitarsoloen blir spelt av Whitford.

Salslister (Aerosmith-versjonen)

endre

«Fever» debuterte på 25. plassen på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista for veka som starta 4. september 1993

Liste (1995) Plassering
U.S. Billboard Album Rock Tracks 5

Garth Brooks-versjonen

endre
The Fever
Singel av Garth Brooks
frå albumet Fresh Horses
B-side

The Night Will Only Know

Utgjeve 20. november 1995
Innspelt 1995
Sjanger country, countryrock
Lengd 2:40
Selskap Capitol Nashville 18948
Låtskrivar(ar) Steven Tyler
Joe Perry
Dan Roberts
Bryan Kennedy
Produsent Allen Reynolds
Garth Brooks-kronologi 
«She's Every Woman»
(1995)
The Fever «The Beaches of Cheyenne»
(1995)


Countryartisten Garth Brooks spelte inn songen in 1995, då kalla «The Fever».

Innhald

endre

Den countryrock-genererte versjonen til Brooks hadde ein endra tekst som skildra ei rodeo-stjerne som var avhengig av yrket sitt (t.d. «He's got a split finger wrap and his rope's pulled way too tight / He's got a lunatic smile 'cause he's really drawn deep tonight.»). Songen var med på albumet Fresh Horses. Som den andre singelen frå albumet nådde han 23. plassen på den amerikanske Billboard Hot Country Singles & Tracks (no Hot Country Songs) og andreplassen på RPM Top Country Tracks-lista i Canada. Brooks inkluderte òg songen på konsertane sine og han dukka opp i 1998 på albumet hans Double Live.

Medverkande

endre
  • Garth Brooks – solo- og korvokal
  • Mike Chapman – bassgitar
  • Rob Hajacos – fele
  • Gordon Kennedy – elektrisk gitar
  • Chris Leuzinger – elektrisk gitar
  • Milton Sledge – trommer og perkusjon

Salslister

endre

«The Fever» debuterte på 27. plassen på den amerikanske Billboard Hot Country Singles & Tracks for veka 25. november 1995.

Liste (1995) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[1] 2
US Country Songs (Billboard)[2] 23

Årslister

endre
Liste (1996) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[3] 94

Andre versjonar

endre

Garth Brooks si utgåve av songen vart også spelt inn av den amerikanske countrymusikaren Chris LeDoux i 1998 på albumet hans One Road Man.

Kjelder

endre