Figgjo er ein tettstad ved Figgjoelva i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Staden er kjend for verksemda Figgjo AS, som produserer og sel kjøkenutstyr. På Figgjo er det fabrikkutsal for verksemda. Tettstaden vert nokre gonger kalla «Figgen», og elva tilsvarande «Figgenelva».

Figgjo
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Postnummer 4332 FIGGJO
Preposisjon Figgjo

På Figgjo var det stasjon for jarnbanen Ålgårdsbanen.

Statistisk sentralbyrå reknar busetjinga på Figgjo og Ålgård (i Gjesdal kommune) som ein samanhengande tettstad med til saman 8746 innbyggjarar i 2007, av dei budde 1539 i Sandnes kommune.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.