Ålgårdbanen

(Omdirigert frå Ålgårdsbanen)

Ålgårdbanen eller Ålgårdsbanen er namnet på ei jarnbaneline, sidelina frå Ganddal stasjonJærbanen til Ålgård stasjon. Lina er 12 kilometer lang, og vart opna i 1924. Ho var tenkt som byrjinga av Sørlandsbanen, som skulle byggjast om lag der som E39 går no. Men slik vart det ikkje, og passasjertrafikken vart nedlagd i 1955. Størstedelen av godstrafikken forsvann i 1988, og spora på Ålgård stasjon vart rivne opp.

Ålgårdbanen
Ålgård stasjon i 1924
Info
Type Sidebane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Ganddal
Endestasjon Ålgård
Drift
Opna 20. desember 1924
Eigar Bane NOR
Operatør(ar) Norges Statsbaner
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Lengd 12,2 km
Ålgård stasjon vert no nytta i samband med kyrkja.
Togstasjonen på Figgjo står framleis, og vert nytta av Ålgårdbanens venner.
Sporet gror til.
Foto: Per Olav Bøyum

I 1923 gjorde Stortinget vedtak om bygging av den såkalla «Indre Linje» (Klungland - Bjerkreim - Vikeså - Ålgård). I 1937 gjorde Stortinget nytt vedtak om at den normalspora Sørlandsbanen skulle gå over Egersund og Jæren.

Dei siste åra har berre dei tre første kilometerane av lina vorte nytta til togtrafikk. På Figgjo stoppestad, som no har vorte museum, kan ein leiga seg skjenesykkel (dresin) og sykla til Ålgård og attende.

Det har vore gjort fleire overslag over kor mykje det vil koste å sette i stand Ålgårdbanen til regulær drift. Det siste overslaget (2012) har gjort at Jernbaneverket ikkje er avvisande til det.

Stoppestadar:

Turen frå Ganddal til Ålgård tok om lag 20 minutt i 1955.

Linjekart endre

Kilometrering refererer til Oslo V.

Teiknforklaring
  Jærbanen frå Sandnes
  
   580,55 km Ganddal stasjon (1878) 21,2 moh
   til Klepp
   Fv330 Hovevegen
   Bru over Storåna (10 m)
   Holane haldeplass (1927)
   Vagle haldeplass (1951)
   584,15 km Foss-Eikeland (1924) 25,2 moh
   industrisidespor til Spenncon Sandnes
   Bru over Figgjoelva (30 m)
   Kallberg haldeplass (1928)
   587,27 km Bråstein (1924) 52,4 moh
   avbrote spor
   Figgjo Fajanse haldeplass (1952–1955)
   589,74 km Figgjo (1924) 85,8 moh
   sidespor til Ålgård uldvarefabrikker 87,3 moh
   Figgjo Fabrikker haldeplass (1922)
   Fv294 Figgjovegen (50,6 m)
   592,79 km Ålgård stasjon (1924) 94,0 moh

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre