Finn Halvorsen
Finn Halvorsen (fødd 9. november 1893 i Talvik i Finnmark, død 11. september 1960 i Milano i Italia) var ein norsk forfattar, kritikar og omsetjar.
Finn Halvorsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. november 1893 Alta |
Død |
11. september 1960 (66 år) |
Yrke | skribent |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
Medlem av | Kulturtinget |
Finn Halvorsen på Commons |
Halvorsen voks opp som den yngste av seks barn i ein presteheim. Barneåra tilbrakte han i Alta, Luster og Ålesund, der han tok examen artium 1912. Etter eksamen drog han til Oslo for å studera teologi, men etter tre år avbraut han studiane og begynte som kulturjournalist i Morgenposten. Her avanserte han til redaksjonssekretær medan han starta sitt forfattarskap. Frå 1920 var han forfattar og kulturskribent på heiltid og reiste mykje i Europa, og ei tid var han Aftenposten sin korrespondent i Roma. Som teaterkritikar skreiv han både for Aftenposten og Morgenbladet.
Finn Halvorsen mottok tidleg sterke impulsar frå Mussolini sin fascisme, som han også lenge etter krigen meinte «gjorde underverker for det italienske folk». Han fann sin plass på ytste høgre fløy i kulturkampen i mellomkrigstida og meinte at kommunismen var «vår dødsfiende» og at Hitler var den beste garanti mot dette «europeiske spøkelset». Først mange år seinare gjekk han så langt som til å innrømme at «Hitler-veldet ville blitt en like så stor redsel for Europa som et Stalin-velde» og at han sjølv hadde gjort seg skuldig i «samme slags dumhet som de fleste forhenværende kommunister». Denne betinga sjølvkritikken stod på trykk 1955.
Under andre verdskrigen var han 1941–1945 sjef for Statens teaterdirektorat, som hadde ansvaret for Nasjonal Samling sin teaterpolitikk og kontrollerte alle førestillingar. I denne stillinga forsøkte han å «nazifisera» kulturlivet i Norge, og fekk kallenamnet «teaterdiktator».[1]
Han vart også knytt til Gyldendal som konsulent, redigerte ein antologi over tyske diktarar frå nyare tid og utgav litterære kampartiklar i bokform (I kampens hete, 1943).
Halvorsen sona fem år i fengsel før han vart benåda i statsråd etter ein opphavleg landssvikdom på 12 år. Men Forfatterforeningen avslo søknaden hans om medlemskap, og på sitt gamle forlag Gyldendal var han uønskt. Berre i den katolske kyrkja, som han konverterte til 1948, fann han barmhjertigheit og vilje til forsoning.
Halvorsen hevda seinare at han alltid hadde vore imot dødsstraff, at han hadde sveva i uvissa om pinslar og torturdrap i Norge og at han hadde vore eit «opprørt og avmektig vitne» til at jødane vart sende ut av landet. Hans einaste roman etter krigen (Jomfruen, helgenen og banditten) kom ut 1959, året før han døydde i Italia.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1918 – Norske scenekunstnere. 3. Ingolf Schanche (Kristiania: Dybwad) I fulltekst ved nb.no
- 1918 – I skriftestolen (Kristiania: Helge Erichsen) I fulltekst ved nb.no
- 1918 – Kornmo (Kristiania: Helge Erichsen) I fulltekst ved nb.no
- 1920 – Høstmanden. 1. De unge skud (Kristiania: Helge Erichsen)
- 1921 – Høstmanden. 2. Jernnetter (Kristiania: Helge Erichsen) I fulltekst ved nb.no
- 1922 – Scirocco : roman (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1924 – Den kolde vaar (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1926 – Svalerne : roman (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1928 – I lysthuset (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1930 – Mot dag : roman (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1933 – Diktator : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1933 – En mann uten ansikt (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1935 – Hyklerne : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1936 – Hvepsebolet : komedie (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1938 – Abrahams offer : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1940 – Den fattige fra Assisi : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1941 – Tyske diktere : lyrikk og prosa fra vår egen tid (Oslo: Stenersen) I fulltekst ved nb.no
- 1942 – A.B.C. for rasjoneringskontorets ekspedisjonspersonale (Oslo: Halvorsen) I fulltekst ved nb.no
- 1942 – Før stormen : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1943 – Høyenhall : skuespill (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1943 – I kampens hete : artikler fra 1940-43 (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
- 1959 – Jomfruen, helgenen og banditten : en historie fra Italia (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
I bøker - eit utval
endre- 1943 – Nasjonalsosialister i norsk dikting : foredrag holdt i Norsk rikskringkasting vinteren 1942-43 (Oslo: Stenersen) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Knut Hamsun / Finn Halvorsen, s. 9-18]
Kjelder
endre- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
- Referansar
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Finn Halvorsen i BIBSYS
- Finn Halvorsens hyllest av det nasjonalsosialistiske Tyskland (fra Norske røster, utgitt 1942)
- 1943 – Nasjonalsosialister i norsk dikting : foredrag holdt i Norsk rikskringkasting vinteren 1942-43 (Oslo: Stenersen) I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Finn Halvorsen - Eyvind Mehle / Aasmund Sveen, s. 19-29]
- 1973 – Fire forfattere og norsk fascisme (Oslo: Ny dag) I fulltekst ved nb.no [Av Nils-Aage Sørgaard]