Gangaren Fjøllrosa (2/4-takt), er ein telegangar som skal vera dikta av spelemannen Lars Fykerud over eit eldre stev. Det var og Fykerud som gav slåtten namn (etter ei Fjellrose), og dei store formene skriv seg frå han. Før Fykerud bygde ut slåtten, var dette ein stubb som var nytta mellom anna i Heddal.

I Telemark har slåtten vore nytta mykje som konsert- og kappleiksnummer.

I Hardingfeleverket er slåtten katalogisert som nr 146, og det er skrive opp seks variantar, som alle er knytt til Lars Fykerud.

Variantgruppa endre

Å Sudsauar-Jon, kom tilbakars og sjå til dotter di, då.
Fyrst va ho so, og sidan blei ho so.

Dette er opphavleg eit gamalt stev eller ei barneregle.