Fjellpetrell
Fjellpetrell (Procellaria parkinsoni) er ein sjøfugl i stormfuglfamilien som hekkar på to øyar utanfor Nordøya på New Zealand og trekker til tropiske, austlege Stillehavet utanom hekketida.
Fjellpetrell | |
Fjellpetrell Foto: Tom Tarrant
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Fjellpetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Procellaria |
Art: | Fjellpetrell P. parkinsoni |
Vitskapleg namn | |
Procellaria parkinsoni |
Skildring
endreDette er ein stor petrell, 46 centimeter og 700 gram i gjennomsnitt. Han er einsfarga mørk brun, nær svart, men drakta blir meir brun med aukande alder, nebbet er skittengult med mørk nebbspiss.
I den australske vinteren beitar fjellpetrellane i havområdet som strekkjer seg i høgd mellom nordspissen av Peru og sørlege Mexico, dei kan beite nær kysten og vestover i dette området, men vest for Galapagosøyane. Dei fleste fjellpetrellar hekkar på Great Barrier Island, men nokre òg på Little Barrier Island. Hekketida er frå midten av oktober med egglegging hovudsakleg i november og desember. Begge foreldra deltar i ruging i ca. 57 dagar totalt, og ungane er over 100 dagar når dei flyg. Dei kan hekke seks år gamle og kan ha levetid på minst 17 år.
Basis i føda til fjellpetrellar er blekksprutar, med tillegg av fisk, krepsdyr og andre virvellause dyr. Dei er kjente for å følgje fiskebåtar, men er òg knytt til delfinar i beiteområdet i austlege Stillehavet, spesielt halvspekkhoggarar og Peponocephala electra (melonhovudkval).[1]
Arten er klassifisert som sårbar av IUCN. Trugsmåla har vore introduserte framande dyreartar som villkattar, og nokre fuglar blir tatt ved linefiske. Estimata for storleiken på populasjonen er ca. 10 000 fuglar i 2005[2] og stabil.[3]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Procellaria parkinsoni Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. oktober 2012.
Referansar
endre- ↑ Pitman, Robert L. Ballance, Lisa T. Parkinson's Petrel Distribution and Foraging Ecology in the Eastern Pacific: Aspects of an Exclusive Feeding Relationship with Dolphins, The Condor, Vol. 94, No. 4 (Nov., 1992), pp. 825-835
- ↑ Heather og Robertson, 2005
- ↑ BirdLife International, 2012