Fjellsmelle
Fjellsmelle (Silene acaalis) er ei fjellplante med lyseraude blomar.
Fjellsmelle | |
Fjellsmelle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Caryophylloideae |
Stamme: | Sileneae |
Slekt: | Smelleslekta Silene |
Art: | Fjellsmelle S. acaulis |
Vitskapleg namn | |
Silene acaulis |
Ho veks i tette tuer. Tuene vert tettare kompaktare og meir halvkuleforma under ekstremt harde forhold. Blomane har svært korte stilkar. Acaúlis tyder og «utan stengel».
Fjellsmelletuene har mange blomar. Oftast er dei lyseraude, men dei kan og vere kvite. Tuene luktar av honning, og dei vert ofte vitja av insekt som syter for bestøvning. I kvar tue kan det vere ulike blomar. Hoblomane er minst, om lag 1 cm i diameter. Dei har tre spiralvridde arr. Hanblomane er noko større. Ytst i tua finn ein tvekjønna blomar. Frøa ligg i kapsla som vert spreidde med vinden. Blada er smale med stive hår i kanten.
Fjellsmella har ei djuptgåande pelerot og er vanskeleg å plante om. I rota er det mykje opplagsnæring. Ho har vorte brukt til mat mellom eskimoar og på Island. Fjellsmella veks helst på baserik grunn. Ho er ofte å finne på reinroseheier. Ho er nokså vanleg i alle fjellstrøk i Noreg. Og er funna opp til 2210 moh. i Jotunheimen.
Kjelder
endre- Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 19??
- Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo 1974
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Fjellsmelle hos Artsdatabanken
- (en) Fjellsmelle i Encyclopedia of Life
- (en) Fjellsmelle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Fjellsmelle hos Dyntaxa
- (en) Fjellsmelle hos ITIS
- (en) Fjellsmelle hos NCBI
- (en) Fjellsmelle hos The International Plant Names Index
- (en) Fjellsmelle hos Tropicos
- (en) Kategori:Silene acaulis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Silene acaulis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Silene acaulis – detaljert informasjon på Wikispecies