Fjelltveit
Fjelltveit er ein gard i Fana i Bergen kommune sørvest for Samdalsvatnet i Samdalen.
Fjelltveit | |||
stad | |||
Fjelltveit
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 69 | ||
Ferdselsårer | Fv164 Hausdalsvegen | ||
Wikimedia Commons: Fjelltveit |
Det er framleis gardsdrift på garden.
Historie
endreGarden høyrte i mellomalderen til Lyse kloster og var i bondesjølveige frå 1874.
Stortingspresidenten Wilhelm F.K. Christie var mange somrar på Fjelltveit.
Geografi
endreGarden ligg i Samdalen, sørvest for Samdalsvatnet og nord for Fjelltveitvatnet. I vest ligg Solbakkafjellet (458 moh) og i aust ligg Rindafjellet (715 moh) og Sauskolten (732 moh).
Garden grensar til Samdal i aust, Haugland i vest og Frotveit i nord. I sør grensar garden til Os kommune.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.