Hausdalsvegen
Hausdalsvegen (tidlegare Haugsdalsvegen) er ein veg i Fana bydel i Bergen kommune. Vegen er ein del av Fv164 og går nordaustover frå Osvegen (E39) til Hausdal. Han er 10,0 km lang.
Vegen startar ved Kalandseidet og går over Kaland, Haugland, Fjelltveit, Samdal, Håland til Hausdal, like sør for Gullfjellet. Vegen går langs Hauglandsvatnet, Fjelltveitvatnet og Samdalsvatnet.
Namnet vart vedteke i 2009. Frå 1961 og fram til 1989 heitte vegen Hauglandsdalen, og frå den tid og fram til 2009 heitte han Haugsdalsvegen.
Knutepunkt
endre- E39 Osvegen
- Sideveg mot søraust (330 m) - ved enden av Hauglandsvatnet.
- Sideveg mot nordaust (660 m)
- Sideveg mot sør (370 m) - langs Hauglandsvatnet.
- Sideveg mot nord (400 m)
- Sideveg mot nordvest (200 m) - ved Fjelltveitvatnet
- Sideveg mot aust (330 m)
- Sideveg mot nord (680 m)
- (8 m) - over Frotveitelva.
- Sideveg mot aust (160 m)
- Sideveg mot aust (100 m)
- Sideveg mot aust (150 m)
- Sideveg mot aust (140 m)
- Sideveg mot sør (170 m)
- Sideveg mot nord (550 m)
- Avkjørsel Lundagotnene
- (10 m)
- Sideveg mot nord (200 m)
- Snuplass.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Nasjonal vegdatabank Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.