Flåvær
Flåvær er ei lita gruppe med holmar på Herøyfjorden i Møre og Romsdal i Herøy kommune på Sunnmøre, og omfattar holmen Flåvær, Husholmen, Torvholmen og Varholmen.
Flåvær | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Postnummer | 6076 MOLTUSTRANDA[1] | ||
Gardnummer | 64 | ||
Flåvær 62°18′47″N 5°36′06″E / 62.3131°N 5.6016°E |
I dag er Flåvær fråflytta, men det ein kan ha ferie og konferansar på Torvholmen.
I 1981 var totalt 14 innbyggjarar på dei fire holmane. Tidlegare var det stor aktivitet på Flåvær grunna den sentrale posisjonen i Herøyfjorden. Flåvær fungerte som fiskevær og kjøpmannsstad. Frå 1873 til 1976 var der postkontor, og frå 1929 til 1961 og frå 1981 til 1984, skule. Her finn ein òg Flåvær fyr som vart oppført i 1870.
Flåvær postkontor
endrePostkontoret heldt til i ei sjøbu på holmen Flåvær. Det opna i 1873 og vart lagt ned i juli 1976. Postnummeret og namnet på postkontoret var 6078 Flåvær.[2]
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Bjarne Rabben (1963). «Flåvær». Herøyboka. 1 3 : Gardar og folk. Herøy: Herøy sogelag. s. 353-357.
- Bjarne Rabben (1973). Herøyboka. 3 2 : Bygdesoga. Herøy: Herøy sogelag.
- Bjarne Rabben (1970). Herøyboka. 2 : Landslag og folkeliv. Herøy: Herøy sogelag.
- Turistverksemd Arkivert 2019-09-03 ved Wayback Machine.
- «6078 FLAAVÆR» i Poststedsdatabasen til Postmuseet Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine.