Opna hovudmenyen

Flåvær fyrstasjon er eit fyr som ligg på den vesle Varholmen i Flåvær i Herøyfjorden, sørvest for Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre.

Flåvær fyrstasjon
Flåvær lighthouse.jpg
FylkeMøre og Romsdal
KommuneHerøy
FunksjonLeifyr
Oppretta1870
Koordinatar62°18.9335′N 5°34.9568′EKoordinatar: 62°18.9335′N 5°34.9568′E
Fyrtårn
Høgd13,8
FormKvit fyrbygning med tårn
Fyrlys
LyskarakterTre okkulterande kvart 10. sekund
Lyshøgd16,8 moh
Lysvidde13,2 nm
Status
Automatisert1979
Avfolka1979
Flåvær fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Flåvær fyrstasjon

Fyret vart tent i 1870 og har ei fyrlykt som er plassert i toppen av fyrbustaden. I starten var fyret utstyrt med bevegelege skjermar og eit slags klippapparat av eldre fransk modell. Klippapparatet vart skifta ut i 1887 med eit meir moderne eitt.

I 1914 vart fyrbygningen ombygd og det vart sett inn ei ny lykt. Lyshøgda vart då auka med 1,1 meter til 16,8 meter over havet. I 1952 fekk fyret elektrisk straum og som reservekjelde vart det installert ein dieselmotor som generator. Fyret vart avbemanna og automatisert i 1979.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • «Norsk fyrliste 2008 - side 301» (PDF - 15 mb). Kystverket. 
  • Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges Fyr, Fra Stad til Grense-Jakobselv, bind 2. Grøndahl & søn forlag AS, 1987

BakgrunnsstoffEndra