Opna hovudmenyen
Flight of Icarus
Singel av Iron Maiden
frå albumet Piece of Mind
B-side «I've Got the Fire»
Utgjeve 11. april 1983
Innspelt 1983
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:49
Selskap EMI
Låtskrivar(ar)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
«The Number of the Beast»
(1982)
Flight of Icarus «The Trooper»
(1983)


«Flight of Icarus» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut som den åttande singelen deira og den første frå albumet Piece of Mind (1983). Det var den første singelen bandet gav ut i USA, og vart ein av dei få songane som vart mykje spelt på radio der.[1] Songen nådde åttandeplassen på Billboard Top Album Tracks-lista - den høgaste plasseringa Iron Maiden fekk i USA.[2] Singelen vart òg ein suksess i Storbritannia, der han nådde 11. plassen på UK Singles Chart. Det var den første utgjevinga til songen med Nicko McBrain, som erstatta Clive Burr på trommer i 1982.

Innhaldsliste

OversynEndra

Songen er laust basert på den gamle greske myta om Ikaros[3] som var fengsla med faren sin Daedalus i palasset Knossos på Kreta. I eit forsøk på å rømme laga han eit par vengjer av fjør og voks slik at dei kunne fly bort. Ikaros høyrte ikkje på rådet frå faren og flaug for nærme sola slik at voksen smelta og han fall død i havet. Vokalisten Bruce Dickinson endra den originale soga til eit tenåringsopprør mot vaksne, som i songen førte til at Ikaros døydde.[4]

Singelomslaget var ein slags parodi på den originale myta, og syner Eddie med vengjer, som drep Ikaros med ein flammekastar. Ikaros liknar figuren i Evening: Fall of Day av William Rimmer, som vart nytta som selskapslogo av Led Zeppelin. I følgje kunstnaren, Derek Riggs, var dette ein referanse til at Led Zeppelin hadde oppløyst bandet eit par år tidlegare.[4]

Songen vart kritisert i Storbritannia då han kom ut og Garry Bushell sa «Seig i staden for mektig, og han verka upopulær hos alle hardcore britiske metal-fans, som frykta det verste då songen vart gjeven ut som den første singelen deira i Amerika».[5] Bassisten Steve Harris har sidan sagt at «det var feil å gje ut 'Icarus', og eg ønskjer me hadde fått tid til å spele songen live før me spelte han inn. Han er langt meir mektig på konsertane våre. Raskare og tyngre.»[5] Dickinson sa «Steve likte aldri songen. Han syns han var for langsam, men eg ønskte ein rocksteady-rytme. Eg visste han ville bli spelt på amerikansk radio om me heldt ahn sli, og eg hadde rett.»[1]

Songen finst på hyllestalbumet Numbers from the Beast, med Ripper Owens på vokal, Doug Aldrich på gitarar, Jimmy Bain på bass og Simon Wright på trommer,[6] og han vart spelt av det progressive metal-bandet Fates Warning i 1983.[7]

MusikkvideoEndra

Videoen for songen vart regissert av Jim Yukich og filma på Bahamas i Compass Point Studios (der albumet vart spelt inn) medan bandet spelar inn songen. Trommeslagaren Nicko McBrain spelar som mannen med ljåen med eit blått andlet. Produsenten Martin Birch er òg til stades i videoen der andletet hans vart forvandla til Maiden-maskoten Eddie. Ein nyare versjon av videoen inneheld flash-animasjon av Camp Chaos mellom dei originale filmklippa, og erstatta nokre av 80-talseffektane. Animasjonen syner Ikaros som flyg bort frå Eddie.

InnhaldEndra

1983 7"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Flight of Icarus»  Adrian Smith, Bruce Dickinson 3:49
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I've Got the Fire»  Ronnie Montrose 2:37

MedverkandeEndra

Frå plateomslaget.[8]

Iron Maiden
Produksjon

ListerEndra

Singel Liste (1983) Plassering Album
«Flight of Icarus» Irish Singles Chart 14[9] Piece of Mind
UK Singles Chart 11[10]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Flight Of Icarus / The Trooper» UK Albums Chart[merk 1] 7[11]

FotnotarEndra

  1. Nyutgjeving av begge singlane frå plateboksen The First Ten Years. Var lengre enn tidsgrensa for UK Singles chart.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 245. ISBN 1-86074-542-3. 
  2. «Iron Maiden Billboard Charts». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  3. Huey, Steve. «Iron Maiden- Piece of Mind». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Derek Riggs Commentary- 'Flight of Icarus'». Derek Riggs. Henta 24. august 2016. 
  5. 5,0 5,1 Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 114. ISBN 0-946391-84-X. 
  6. «Producer Bob Kulick Discusses Iron Maiden Tribute Album Numbers From The Beast». Blabbermouth.net. 10 October 2005. Henta 24. august 2016. 
  7. «Fates Warning – Night On Bröcken». Discogs. Henta 24. august 2016. 
  8. "Flight of Icarus" 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 11 April 1983. 
  9. «Irish Singles». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 24. august 2016. 
  10. «Top 40 Official UK Singles Archive 30 April 1983». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 
  11. «Top 40 Official UK Albums Archive 24 March 1990». Official Charts Company. Henta 24. august 2016. 

BakgrunnsstoffEndra