Ikaros
Ikaros (gresk Ἴκαρος, Íkaros; etruskisk Vikare;[1] latin Icarus) er ein mann i gresk mytologi som er kjend for å ha fått venger og flyga for nær sola, slik at han fall ned i havet og drukna.
Soga om Ikaros
endreIkaros var son av handverkaren og kunstnaren Daidalos. Far og son var fanga på Kreta, i labyrinten til kong Minos. Ved hjelp av venger som Daidalos laga av fjører og voks flykta dei to frå fangenskapet. Ikaros ignorerte åtvaringa frå far sin om å ikkje fly for nær sola, og solvarmen smelta voksen i vengene slik at han fall ned i havet.
Daidalos sørga over sonen sin og kalla opp den næraste øya etter sonen sin. Dette er Ikaría sørvest for Samos. Havstykket der han skal ha drukna er kjent som Ikariahavet.[2][3][4][5]
Hellenistiske forfattarar gav ulike euhemeristiske tolkingar av soga der Ikaros og Daidalos flykta frå Kreta med båt, der Daidalos fann opp dei fyrste segla, og Ikaros fall overbord og drukna. Herakles reiste ei grav for han.[6][7]
Ikaros i seinare kultur
endreIkaros-motivet er blitt framstilt i kunst og litteratur ei rekkje gonger. Greske poetar kunne visa til soga i dikta sine, og ho er kort fortald i Pseudo-Apollodorus.[8] I latinsk litteratur blei soga særleg teken opp av forfattar under keisar Augustus. Hyginus fortel henne i Fabula 40, der han byrjar med forholdet mellom Pasiphaë, dottera til sola, og ein okse som fører til Minotauren som seinare blir fengla i labyrinten laga av Daidalos. Ovid fortel også soga i Metamorfoser (viii.183–235), og viser til henne andre stader.[9]
Ovid si forteljing av soga og sambandet han knytte til soga om Phaethon påverka den mytologiske tradisjonen i engelsk litteratur[10] i verka til viktige forfattarar som Chaucer,[11] Marlowe,[12] Shakespeare,[13] Milton[14] og Joyce.[15]
I biletkunst frå renessansen kan Ikaros-motivet ha ulik tyding. I Orion-fontena i Messina er han ein av mange figurar knytte til vatn. Ved Konkursretten i Amsterdam rådhus symboliserer han (for) høg ambisjon.[16] Måleriet Landskap med fallet til Ikaros frå 1500-talet, som tradisjonelt er blitt tillagt Pieter Bruegel den eldre, er kjent for å visa ulukka til Ikaros i bakgrunnen for eit fredfylt landskap. Det inspirerte dikta «Musée des Beaux Arts» av W. H. Auden og «Landscape with the Fall of Icarus» av William Carlos Williams. Romanen Ikaros – ung mann i Sahara (1957) av Axel Jensen bruker soga om Ikaros til å symbolisera den moderne unge mannen sitt forsøk på å frigjera seg frå foreldregenerasjonen og konvensjonar.
Galleri
endre-
Romersk freske av Ikaros og Daidalos frå Pompeii.
-
Bilde frå Palazzo Vecchio i Firenze frå rundt 1570-talet.
-
'Landskap med ein pløyande bonde og fallet til Ikaros' av Marten Ryckaert.
-
'Fallet til Ikaros' av Pieter Bruegel den eldre
-
Ikaros og Daidalos måla av Charles Paul Landon.
-
The Lament for Icarus (1898) av Herbert James Draper
Sjå òg
endre- 1566 Icarus, ein asteroide kalla opp etter Ikaros
Kjelder
endre- ↑ Bonfante, Larissa & Swaddling, Judith (2006): Etruscan Myths, University of Texas Press, s. 43
- ↑ «Ikaros». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. mai 2020.
- ↑ Graves, Robert (1955). «92 – Daedalus and Talus». The Greek Myths. ISBN 0-14-007602-6.
- ↑ Thomas Bullfinch - The Age of Fable Stories of Gods and Heroes KundaliniAwakeningSystem.com Arkivert 2013-01-24 ved Wayback Machine. & The Internet Classics Archive by Daniel C. Stevenson : Ovid - Metamorphoses - Book VIII + Translated by Rolfe Humphries - KET Distance Learning Arkivert 14 June 2012 ved Wayback Machine. 2012-01-24.
- ↑ Translated by A. S. Kline - University of Virginia Library.edu Retrieved 2005-07-03.
- ↑ Smith, William (red.). A Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology.
- ↑ Pinsent, J. (1982). Greek Mythology. New York: Peter Bedrick Books. ISBN 0-600-55023-0.
- ↑ Epitome of the Biblioteca i.11 and ii.6.3.
- ↑ Gareth D. Williams, Banished voices: readings in Ovid's Exile Poetry (Cambridge University Press, 1994), s. 132 online.
- ↑ Peter Knox, A Companion to Ovid (Blackwell, 2009), s. 424 online.
- ↑ Jane Chance, The Mythographic Chaucer (University of Michigan Press, 1995), s. 65 online.
- ↑ Troni Y. Grande, Marlovian Tragedy (Associated University Presses, 1990), s. 14 online, 40–42 et passim; Frederic B. Tromly, Playing with Desire: Christopher Marlowe and the Art of Tantalization (University of Toronto Press, 1998), s. 181.
- ↑ Coppélia Kahn, Man's estate: Masculine Identity in Shakespeare (University of California Press, 1981), s. 53 online.
- ↑ Su Fang Nu, Literature and the Politics of Family in Seventeenth-Century England (Cambridge University Press, 2007), s. 154 online; R.J. Zwi Werblowsky, Lucifer and Prometheus (Routledge, 2001, reprinted from 1952), s. 32 online.
- ↑ R. J. Schork, Latin and Roman Culture in Joyce (University Press of Florida, 1997), s. 160 online.
- ↑ E. H. Gombrich, Symbolic Images; Studies in the Art of the Renaissance (London, 1972); s. 8.
- Denne artikkelen bygger på «Ikaros» frå Wikipedia på bokmål og «Icarus» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2021.
Litteratur
endre- Graves, Robert [1955] (1960): The Greek Myths, seksjon 92 passim
- Smith, William, red. (1867): A Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology
- Pinsent, J. (1982): Greek Mythology. New York: Peter Bedrick Books.