Fogg Highland
Fogg Highland er eit isdekt høgland, 20 nautiske mil langt og 10 nautiske mil breitt på Black Coast i Palmer Land i Antarktis, som endar nordaust på Cape Herdman og som grensar i nord til Violantefjorden og i sør til Clowesbreen.
Fogg Highland | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Palmer Land | ||
- koordinatar | 72°45′S 60°50′W / 72.750°S 60.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Fogg Highland 72°45′00″S 60°50′00″W / 72.75°S 60.8333°W | |||
Fjellet vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940, Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947, og U.S. Navy, 1965–67. Det vart kartlagd av eit felles sledelag frå RARE og Falklands Islands Dependencies Survey i november 1947, og vart namngjeven i 1981 av UK Antarctic Place-Names Committee etter Gordon Elliott Fogg, ein professor i marinbiologi ved University College of North Wales, 1971–85, som forksa på Den antarktiske halvøya i lag med British Antarctic Survey (BAS) i 1966, 1974, og 1979. Han var styreleiar i BAS sin vitskaplege rådgjevande komite, 1970–86.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Fogg Highland». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fogg Highland» (innhald frå Geographic Names Information System).