Fonolitt er ein tett, finkorna lavabergart som består av alkalifeltspat, nefelin (eller evt. leucitt) og vekslande mengder av mørke mineral. Han sprekk ofte opp i tynne plater som kling når ein slår på dei, som har gjeve namnet. Bergarten er særleg utbreidd i område med ung (tertiær og kvartær) vulkanisme. Den tilsvarande djupbergarten er foidsyenitt (vanlegvis nefelinsyenitt).

Ægirin-fonolitt, varietet tinguaitt frå Särna-området, Sverige. Mørke prismatiske mineral er fenokrystall av ægirin.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra