Leucitt er eit mineral i feltspatoid-gruppa, fargelaust til gråleg kvitt, kjemisk eit kalium-aluminium-silikat, KAlSi2O6. Leucitt finst som velutvikla krystall i kalirike lavabergartar (leucitt-basalt, leucititt), mellom anna kjent frå Vesuv, der lause krystall av leucitt kan falle ned saman med vulkansk oske ved utbrot. Mineralet kan ikkje finnast saman med kvarts, som det reagerer med under danning av feltspat. Det krystalliserer kubisk ved temperaturar over 605 °C, og tetragonalt under. Krystallforma er oftast eit såkalla ikositetraeder eller leucitoeder, eit regulært polyeder avgrensa av 24 flater.

Leucitt

Leucittkrystallar i ein bergart frå Italia
Generelt
Kategoritektosilikat
Kjemisk formelK[AlSi2O6]
Strunz-klassifisering9.GB.05
KrystallsymmetriTetragonal 4/m dipyramidal
Einingscellea = 13.056 Å, c = 13.751 Å; Z = 16
Identifikasjon
FargeKvit til grå
Krystallformvanlegvis som idiomorf, delvis kubisk krystallar; sjeldan korna, massive
KrystallsystemTetragonal
TvillingVanleg og repetert på {110} og {101}
KløyvDårleg på {110}
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5.5 - 6
Glansglasaktig
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.45-2.50
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.508 nε = 1.509
Dobbeltbrytingδ = 0.001
Kjelder[1][2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre