Ford Madox Brown
Ford Madox Brown (16. april 1821–6. oktober 1893) var ein britisk målar, kjend for sine historiemåleri og ein utprega grafisk versjon av den prerafaelittiske stilen. Sjølv om han var nært knytt Den prerafaelittiske brorskapen, var han aldri medlem av gruppa.
Ford Madox Brown | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 16. april 1821, 1821 Calais |
Død |
6. oktober 1893 (72 år) |
Yrke | kunstmålar, designar, kunstnar |
Ektefelle | Emma Hill |
Born | Catherine Madox Brown, Lucy Madox Brown, Oliver Madox Brown, Lucy Madox-Brown |
Ford Madox Brown på Commons |
Liv og gjerning
endreBrown var fødd i Calais av britiske foreldre. Han utdanna seg i Belgia, Italia og Paris og vekte stor merksemd i 1844, då han i ein konkurranse om freskoar stilte med to historiske komposisjonar av mellomaldermotiv. Under eit besøk i Roma året etter, vart han inspirert av måleria til Friedrich Overbeck og Peter von Cornelius. I 1846 reiste han tilbake til London.
Han opponerte mot det akademiske måleriet som han meinte bestod av banale komposisjonar, teatralske figurar og tilsikta belysning i ateliera. Brown sine figurar skulle framstå som intense, både i uttrykk og i haldning. I 1849 stilte han 'Kong Lear forbannar Cordelia', samstundes som prerafaelittene Dante Gabriel Rossetti, William Holman Hunt og John Everett Millais for fyrste gong stilte ut sine verk. Browns neste måleri, 'Chaucer ved Edvard IIIs hoff', vart premiert.
Browns kanskje mest berømte måleri er 'Det siste av England' (The Last of England), ferdigmåla i 1855. Biletet portretterer eit par fattige emigrantar når dei seglar av stad på det skipet som fører bort frå England for alltid. Måleriet var inspirert av avskjeden til den prerafalittiske skulptøren Thomas Woolner som forlet England til fordel for Australia. Biletet er komponert i samsvar med Browns karakteristiske lineære energi, og med hovudvekta på tilsynelatande groteske og banale detaljer som til dømes kålhovuda som heng ned langs skipssida.
Browns viktigaste måleri er 'Arbeid' (Work), eit verk som vart til i åra mellom 1852 og 1863, og som han stilte ut i ei vandreutstilling. Bilete er lada av symbol, der kvar figur og person representerer ein bestemt sosial klasse og syner rolla den har i det moderne indsutrisamfunnet. Brown skreiv ein katalog som fylgde biletet gjennom utstillingane.
Mellom andre større verk av Brown er ein syklus på tolv måleri som viser byen Manchester si historie, til dels på ironisk og sarkastisk vis. Vidare måla verk som 'Kristus vaskar føtene til Peter' (1852), 'Elias vaker over sonen til enkja', 'Romeos avskjed frå Julie', 'Maria Stuarts siste stunder' og 'Cromwell'.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ford Madox Brown» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2012.