Forfattar
ein som lagar skriftlege eller muntlege åndsverk
(Omdirigert frå Forfattarar)
Ein forfattar lagar skriftlege åndsverk. I dag reknar me som regel forfattarar som dei som får gjeve ut bøker, medan dei som skriv kortare artiklar for aviser og tidsskrift blir rekna som journalistar eller skribentar.
Ulike typar forfattarar
endre- Romanforfattarar skriv lange skjønnlitterære forteljingar som strekkjer seg over ei eller fleire heile bøker.
- Novelleforfattarar skriv kortare skjønnlitterære forteljingar der kvar forteljing er vesentleg kortare enn eit heilt band.
- Diktarar (også kalla poetar og lyrikarar) skriv dikt.
- Fagbokforfattarar eller skulebokforfattarar skriv fagbøker eller lærebøker (skulebøker).
- Essayistar skriv essay, kronikkar og liknande relativt kortfatta materiale med popularisert, polemisk og/eller vittig innhald.
- Leksikografar eller ordboksforfattarar/leksikonforfattarar arbeider med skriving av oppslagsverk som ordbøker eller leksikon.
- Librettistar skriv tekst til operaer, kantater eller oratorium.
- Dramatikarar eller skodespelforfattarar skriv skodespel.