Fossekallfamilien
Fossekallfamilien, Cinclidae, samlar fem artar i slekta Cinclus, einaste slekt i familien. Artane er særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.
Fossekallfamilien | |
Gråfossekall Cinclus mexicanus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Fossekallfamilien Cinclidae Sundevall, 1836 |
Distribusjon og habitat
endreDet finst fossekallar i passande ferskvatnhabitat i høglandet i Amerika, i Europa og i Asia. I Afrika finst det berre observasjonar i Atlasfjella i Marokko. Dei føretrekkjer kaldt, klart rennande vatn og lever på breidda av strie elver. Utanfor hekkesesongen kan dei vitja innsjøar og kyst.[1]
Tilpassing til undervassymjing
endreFossekallane har generelt store likskapar med mange fuglar som lever på land, til dømes ved at dei ikkje har symjehud. Men dei har utvikla somme morfologiske og fysiologiske tilpassingar til livet i vatn. Vengene er relativt korte, men har kraftig musklar. Det gjer dei i stand til å nytte vengene som luffar under vatn. Dei har tjukk fjørdrakt med sterke feittstoff som vernar fjøra mot inntrenging av vatn. Augo har vel utvikla fokusmusklar som kan endre på krumminga på linsene for å betre synet under vatn. Naseflippar hindrar vatn å trengje inn gjennom nasebora. Fossekallar har ein høg konsentrasjon av hemoglobin i blodet samanlikna med landfuglar. Det aukar oksygenlagringskapasiteten og gjer dei skikka til å halde seg under vatn i minst 30 sekund.
Symbolsk tyding
endreFossekallen er vald til norsk nasjonalfugl.
Artsliste
endre- Fossekall Cinclus cinclus i Europa.
- Brunfossekall Cinclus pallasii i Sør-Asia og Sentral-Asia.
- Gråfossekall Cinclus mexicanus i Sentral-Amerika og Nord-Amerika.
- Andesfossekall Cinclus leucocephalus i Sør-Amerika.
- Ruststrupefossekall Cinclus schulzi i Sør-Amerika.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dippers frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Tyler, Stephanie J.; & Ormerod, Stephen J. (1994). The Dippers. Poyser: London. ISBN 0-85661-093-3
- Goodge, W.R. (1960). "Adaptations for amphibious vision in the Dipper (Cinclus mexicanus)". J. Morphol. 107: 79–91.
- Tyler, S.J. (1994). "The Yungas of Argentina: in search of Rufous-throated Dippers Cinclus schulzi)". Cotinga 2: 38–41.
- Salvador, S.; Narosky, S.; & Fraga, R. (1986). First description of the nest and eggs of the Red-throated Dipper in northwestern Argentina. Gerfaut 76: 63–66.
- J., Martens; Geduldig, G. (1990). Acoustic adaptations of birds living close to Himalayan torrents. Proc. Int. 100 DO-G Meeting: 123-131, Bonn: Current Topics Avian Biol..
- Creutz, G. (1966). Die Wasseramsel. A. Ziensen: Wittenburg Lutherstadt.
- BirdLife International (2007) Species factsheet: Cinclus schulzi. Arkivert 2009-01-02 ved Wayback Machine. Lest frå http://www.birdlife.org on 14. mars 2008
- List of Old English bird names Arkivert 2007-11-13 ved Wayback Machine.
- Mullarney, Svensson, Zetterstrom and Grant, Collins Bird Guide ISBN 0-00-219728-6
Fotnotar
endre- ↑ Tyler, Stephanie J.; & Ormerod, Stephen J. (1994). The Dippers. Poyser: London. ISBN 0-85661-093-3
Bakgrunnsstoff
endre- ITIS - Cinclus Arkivert 2004-08-20 ved Wayback Machine.
- Videoar som syner fossekallar
- Døme på songstrofer on xeno-canto.org