Nasjonalfugl er ein eller fleire fuglar som gjennom tradisjon eller val blir brukt til å symbolisere ein nasjon. Nokre fuglar er også nasjonaldyr, medan andre er valde i tillegg til eit anna dyr som symboliserer landet eller nasjonen.

Nasjonalfuglar kan vera fuglar som berre finst vilt i landet dei symboliser, som grønfasan i Japan, dei kan vera utbreidde over størstedelen av territoriet til landet, som kvithovudhavørn i USA, eller dei kan symbolisera landet eller naturen der på andre måtar.

Oversyn over nasjonalfuglar

endre
Land Fugl Bilete Tillegg
Albania kongeørn (Aquila chrysaetos)   Ørna har vore symbol for albanske dynasti sidan mellomalderen, og blei etterkvart symbol for albanarar. Ei dobbeltørn er avbilda på det albanske flagget og riksvåpenet.[1]
Anguilla vestindiadue (Zenaida aurita)[2]  
Antigua og Barbuda praktfregattfugl (Fregata magnificens)[3]  
Argentina haciendaomnfugl (Furnarius rufus)[4]  
Austerrike låvesvale (Hirundo rustica)[4]  
Australia emu (Dromaius novaehollandiae)   Emuen har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda i det australske riksvåpenet.[5]
Bahamas raudflamingo (Phoenicopterus ruber)[6]  
Belgia tårnfalk (Falco tinnunculus)[4]  
Belize regnbogetukan (Ramphastos sulfuratus)[7]  
Bermuda småtropikfugl (Phaethon lepturus)[4]  
Bhutan ramn (Corvus corax)[4]  
Bolivia andeskondor (Vultur gryphus)[4]  
Brasil rustbuktrost (Turdus rufiventris)[4]  
Canada islom (Gavia immer)[4]   Islom har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda på canadiske pengar (no på eindollarmynten, tidlegare på tjuedollarsetelen).[8]
Colombia andeskondor (Vultur gryphus)   Avbilda på det colombianske riksvåpenet.[9]
Costa Rica leirtrast (Turdus grayi)[4]  
Cuba kvasthaletrogon (Priotelus temnurus)[10]  
Danmark knoppsvane (Cygnus olor)[4]  
Estland låvesvale (Hirundo rustica)[4]  
Filippinane filippinsk apeørn (Pithecophaga jefferyi)[4]  
Finland songsvane (Cygnus cygnus)[4]  
Frankrike hane (av tamhøns, Gallus gallus domesticus)[4]  
Færøyane tjeld (Haematopus ostralegus)[4]  
Grenada grenadadue (Leptotila wellsi)[4]  
Guatemala praktkvetzal (Pharomachrus mocinno)[4]  
Hellas kyrkjeugle (Athene noctua)   Ikkje offisielt. Ugla tilhøyrer Atene og har vore brukt som symbol for atenarar sidan antikken. I 2011 blei ho avbilda på den greske euroen.[11]
Honduras gulvengjeraudara (Ara macao)[12]  
India påfugl, indiapåfugl (Pavo cristatus)[4]  
Island jaktfalk (Falco rusticolus)[4]  
Israel hærfugl (Upupa epops)   Hærfuglen blei vald til israelsk nasjonalfugl i 2008.[13]
Japan grønfasan (Phasianus versicolor)
japantrane (Grus japonensis)
 
 
Grønfasan er oftast rekna som den japanske nasjonalfuglen. I 2008 drap koreanske demonstrantar fleire fasanar i protest mot Japan på grunn av ein strid om territorium. Både fasanen og tranen er viktige i japansk kunst og kultur.[14]
Latvia linerle (Motacilla alba)  
Luxemburg isfugl (Alcedo atthis)  
Nicaragua turkisbrynmotmot (Eumomota superciliosa)[4]  
Noreg fossekall (Cinclus cinclus)  
Ny-Caledonia (Frankrike) kagu (Rhynochetos jubatus)  
Pakistan berghøne (Alectoris chukar)[4]  
Polen havørn (Haliaeetus albicilla)[4]  
Portugal høns
Skottland kongeørn
Spania slangeørn
Sri Lanka flammehane (Gallus lafayetii)[4]  
Storbritannia raudstrupe (Erithacus rubecula)[4]  
Sverige svarttrast (Turdus merula)[4]  
Sør-Korea skjor (Pica pica)[4]  
Tyrkia raudvengtrast (Turdus iliacus)[4]  
Tyskland stork (Ciconia ciconia)[4]  
Ungarn stortrappe (Otis tarda)  
USA kvithovudhavørn (Haliaeetus leucocephalus)   Ørna er viktig for mange amerikanske urfolk og er avbilda på det USA-amerikanske riksvåpenet.

Kjelder

endre
  1. Elsie, Robert (2010). Historical Dictionary of Albania. Lanham, Maryland: Scarecrow Press (The Rowman & Littlefield Publishing Group Incorporated). ISBN 0-8108-6188-7.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia; «Nature of Albania», albaniaconsulate.org
  2. Bird Watching in Anguilla, anguillalife.com
  3. Our National Symbols, (July 13, 2009), ab.gov.ag
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 4,24 4,25 4,26 4,27 Nasjonalfugl (2012, 19. juni) i Store norske leksikon. Henta 24. september 2013.
  5. «Coat of arms», dfat.gov.au (Australia.gov.au)
  6. The Flamingo - National Bird of The Bahamas, bahamas.gov.bs
  7. The National Symbols, belize.gov.bz
  8. National Birds – Canada (January 17, 2008), birdfreak.com
  9. National Bird, turiscolombia.com
  10. National Bird: Tocororo, cubadiplomatica.cu
  11. «Owls in Mythology & Culture»; 2011 * 1 euro GREECE Little Owl, mynumi.net
  12. National Symbols, embassyofhonduras.nl
  13. «Hoopoe Israel's new national bird» (05.30.08), ynetnews.com
  14. «Kokucho(The national bird)», japanlink.co.jp; Society: Government, web-japan.org; Symbols, worldatlas.com; Raw : Korean's Kill Pheasants Outside Japans Embassy Over Territorial Dispute (17/07/2008), liveleak.com