VM i fotball 1990
Verdsmeisterskapen i fotball i 1990 vart arrangert i Italia i tida 8. juni - 8. juli 1990. Dei 52 kampane vart spelt på tolv arenaer i tolv ulike byar. Vest-Tyskland vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha sigra 1–0 over Argentina i finalen. Andreas Brehme sette inn målet på straffespark. Det var den 14. verdsmeisterskapen sidan byrjinga i 1930.
Turneringsformatet for dei 24 landa som deltok i verdsmeisterskapen var det same ved forrige meisterskapen. Deltakarlanda vart delt inn i seks grupper med fire land i kvar. Dei to beste i kvar gruppe, samt dei fire beste trearane gjekk vidare til utslagsspel. Italia, Jugoslavia, Argentina, Vest-Tyskland, Tsjekkoslovakia, England, Kamerun og Irland gjekk vidare frå åttedelsfinalane, sistnemnde etter straffesparktevling mot Romania.
Både Italia og Vest-Tyskland vann sine respektive kvarfinalar 1-0. England trengde ekstraomgangar for å slå Kamerun 3-2, medan Argentina slo ut Jugoslavia på straffespark etter 120 mållause minuttar. Begge semifinalane enda 1-1 og finalistane Argentina og Vest-Tyskland kvalfiserte seg ved betre straffeskyting enn Italia og England.
Vertslandet Italia kapra bronsemedaljen med siger 2-1 over England i Bari. Italias eigen Salvatore Schillaci vart toppskårar med seks mål.
Gruppespelet
endreGruppe A
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Italia | 3 | 3 | 0 | 0 | 4–0 | 4 | 6 |
2 | Tsjekkoslovakia | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–3 | 3 | 4 |
3 | Austerrike | 3 | 1 | 0 | 2 | 2–3 | −1 | 2 |
4 | USA | 3 | 0 | 0 | 3 | 2–8 | −6 | 0 |
Gruppe B
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Kamerun | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–3 | 3 | 4 |
2 | Romania | 3 | 1 | 1 | 1 | 5–4 | 1 | 3 |
3 | Argentina | 3 | 1 | 1 | 1 | 5–5 | 0 | 3 |
4 | Sovjetunionen | 3 | 1 | 0 | 2 | 2–6 | −4 | 2 |
Gruppe C
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Brasil | 3 | 3 | 0 | 0 | 4–1 | 3 | 6 |
2 | Costa Rica | 3 | 2 | 0 | 1 | 3–2 | 1 | 4 |
3 | Skottland | 3 | 1 | 0 | 2 | 2–3 | −1 | 2 |
4 | Sverige | 3 | 0 | 0 | 3 | 3–6 | −3 | 0 |
Gruppe D
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 2 | 1 | 0 | 10–3 | 7 | 5 |
2 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–5 | 1 | 4 |
3 | Colombia | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–2 | 1 | 3 |
4 | Dei sameinte arabiske emirata | 3 | 0 | 0 | 3 | 2–11 | −9 | 0 |
Gruppe E
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Spania | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–2 | 3 | 5 |
2 | Belgia | 3 | 2 | 0 | 1 | 6–3 | 3 | 4 |
3 | Uruguay | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–3 | −1 | 3 |
4 | Sør-Korea | 3 | 0 | 0 | 3 | 1–6 | −5 | 0 |
Gruppe F
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | England | 3 | 1 | 2 | 0 | 2–1 | 1 | 4 |
2 | Irland | 3 | 0 | 3 | 0 | 2–2 | 0 | 3 |
3 | Nederland | 3 | 0 | 3 | 0 | 2–2 | 0 | 3 |
4 | Egypt | 3 | 0 | 2 | 1 | 1–2 | −1 | 2 |
Finalen
endreVM-finalen 1990 fann stad på Stadio Olimpico i Roma om kvelden 8. juli, framfor 73 603 tilskodarar. Ein svært sjansefattig finale vart avgjort då venstrebacken Andreas Brehme skåra på straffespark i det 85. minutt. Argentinaren Pedro Monzón vart utvist i det 65. minutt og landsmannen Gustavo Dezotti for same vegen få minuttar før kampen var over. Det var fyrste gongen ein VM-finale vart avgjort på straffespark.
Det vesttyske vinnarlaget bestod av Bodo Illgner, Klaus Augenthaler, Thomas Berthold, Guido Buchwald, Jürgen Kohler, Andreas Brehme, Thomas Häßler, Lothar Matthäus, Pierre Littbarski, Jürgen Klinsmann og Rudi Völler. Stefan Reuter kom inn for Berthold i det 73. minutt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fußball-Weltmeisterschaft 1990» frå Wikipedia på tysk, den 23. juli 2015.