Fra Kristiania-Bohêmen

Fra Kristiania-Bohêmen er ein roman frå 1885 av den norske forfattaren, anarkisten og bohemen Hans Jæger (1854-1910). Boka vart beslaglagt ved utgivinga og Jæger vart i 1886 dømt til å betale 80 kronar og fekk 60 dagar i fengsel for innhaldet i boka. Han mista også stillinga som stortingsstenograf.

Fra Kristiania-Bohêmen

Forfattar(ar)Hans Jæger
Språknorsk
Utgjeven11. desember 1885

Handling

endre

Boka er satt til Kristiania og handlar om kvardagen til dei to venene «Herman Eek» og «Jarmann». Dei tilbringar dagane med å drikke på kafear, spasere i byen og å finne kvinner dei kan ligge med. Jarmann og Eek diskuterer også filosofi, litteratur og sosiale reformar. Dei tek mellom anna avstand frå kristendommen og dei rådande moralske handlingane i samfunnet.

Dei første kapitlane introduserer oss for Jarmann, og fortel om korleis han gjekk frå lat skulegut til skjørtejagande bohem. Romanen skiftar deretter fokus til Herman Eek, ein ven av Jarmann og bokas førstepersonsforteljar. Eek draumar om ei samfunnsendring i retning av fri kjærleik, noko han også argumenterer for under eit møte i Arbeidersamfundet kor prostitusjon er debattema. Eek vert sosialt utstødd som følgje av det han har sagt. Han søkjer støtte frå Bjørnstjerne Bjørnson, som både han og Jarmann har sett opp til, men vert avvist.

I romanens andre del følgjer romanen Eek og syner dei personlege og sosiale konsekvensane av utsegna hans. Ein får også vite meir om livet til Eek før handlinga i romanen, og dei første seksuelle opplevingane hans vert skildra. Samtidig vert det klart at venen Jarmann slit med å finne meining i livet, samtidig som han har eit stort forbruk av alkohol og prostituerte. Romanen avsluttast med at Jarmann vel å ta livet av seg.

Kontrovers

endre

Då boka vert utgitt 11. desember 1885, vert ho forbode og konfiskert med ein gong. Jæger vart dømt til 60 dagars fengsel og 80 kronar i bot for blasfemi og krenking av offentleg anstendigheit.

Det var ikkje så mykje «pornografien» som førde til at boka vert inndradd, men snarare persongalleriet i boka. Fra Kristiania-Bohêmen er rekna for å vere ein nøkkelroman, i det at både karakterane og hendingane er basert på verkelege hendingar. Hovudpersonen og forteljaren «Herman Eek» er Hans Jæger sjølv, mens «Jarmann» skal vere venen Johan Seckmann Fleischer, som tok sitt eige liv i ein alder av 24 år. Debatten i Arbeidersamfundet og møtet med Bjørnstjerne Bjørnson er også basert på verkelege hendingar i Hans Jæger sitt liv.[1] At både personane og miljøet var lett å kjenne att i for innbyggarane i ein liten by som Kristiania, var dermed med på å gjere boka kontroversiell.

Konfiskeringa og rettssaka mot Jæger starta ein diskusjon om kunstens rolle i samfunnet og ytringsfridommens grenser, særleg i dei radikale miljøa. Forfattaren Jonas Lie var blant dei som tok boka og Jæger i forsvar i eit innlegg i Dagbladet 23. mars 1886.[2] Jæger rømte til Paris etter å ha fått ein ny dom mot seg for å ha latt boka trykke opp igjen året etter. Han kom tilbake til Noreg i 1888 og sona straffa.[3]

Romanen vart utgitt på nytt i 1950.

Bohem-miljøet

endre

Romanen har gitt namn til Kristianiabohemen, ein krins norske kunstnarar og forfattarar i Kristiania på 1880-talet. Hans Jæger, Oda Krogh, Christian Krogh og Haakon Nyhuus er blant dei ein reknar til bohemrøyrsla.

Kjelder

endre
  1. Hans Henrik Jæger (2002). Fra Kristiania-bohemen. Pax Forlag. s. 5-7. ISBN 82-530-2396-0. 
  2. Jonas Lie (22. mars 1886). «Et Ord om den Jægerske Beslaglæggelse.». Dagbladet. 
  3. «Hans Jæger». Store norske leksikon. Henta 7. juni 2024. 
Kjeldeliste

Bakgrunnsstoff

endre