François-Marie de Broglie
François-Marie de Broglie, seinare 1. duc de Broglie, (11. januar 1671–22. mai 1745), den tredje sonen til Victor-Maurice de Broglie, var ein fransk militær leiar. Han vart kalla opp etter bestefaren, som var den første comte de Broglie i Frankrike.
François-Marie de Broglie | |||
| |||
Fødd | 11. januar 1671 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 22. mai 1745 | ||
Dødsstad | Broglie | ||
Rang | marskalk av Frankrike | ||
Eining | Armée Royale Française | ||
Konfliktar | Den spanske arvefølgjekrigen, Slaget ved Malplaquet, Slaget ved Denain, Den polske arvefølgjekrigen, Slaget ved San Pietro, Slaget ved Guastalla | ||
Adelstittel | hertug |
Han gjekk inn i hæren i tidleg alder og hadde ei variert karriere før han 23 år gammal vart oberstløytnant i kavaleriregimentet til kongen.
Han tente kontinuerleg under den spanske arvefølgjekrigen og var til stades under slaget ved Malplaquet. Han vart generalløytnant i 1710 og tente med Villars i det siste felttoget i krigen og ved slaget ved Denain. I fredstida heldt han fram karrièren innan militæret og i 1719 vart han generaldirektør for kavaleriet og dragonane. Han vart òg sett til diplomatiske oppgåver og var ambassadør i England i 1724.
Krigen i Italia førte han ut i felten att i 1733, og året etter vart han fransk marskalk. I felttoget i 1734 var han ein av dei øvstkommanderande på den franske sida, og kjempa i slaga ved Parma og Guastalla. Ei kjend hending då han så vidt klarte å rømme då fienden storma forlegningen hans i Secchia (slaget ved Quistello) natt til 14. september 1734.
I 1735 vart han erstatta av marskalk de Noailles. Han vart generalguvernør i Alsace då Fredrik den store uventa vitja Strasbourg i 1740.
I 1742, under den austerrikske arvefølgjekrigen vart Broglie kommandør av den franske hæren i Tyskland, men leiareigenskapane hans svikta han. Han hadde alltid vore forsiktig og trygg, og mangla fleksibilitet og djervskap. Det einaste han lukkast med i krigen var å erobre område Sahay (25. mai 1742), som han fekk tittelen hertug av Broglie for og vart pair av Frankrike. Han returnerte til Frankrike i 1743 og døydde to år seinare.
Han var far til Victor-François de Broglie og Charles-François de Broglie.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «François-Marie, 1st duc de Broglie» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.