Francesco Maria Grimaldi
italiensk fysikar, matematikar og astronom
Francesco Maria Grimaldi (2. april 1618–28. desember 1663) var ein italiensk fysikar, jesuitt og lærer i matematikk ved ordenskollegiet i Bologna.
Francesco Maria Grimaldi | |||
| |||
Fødd | 2. april 1618 Bologna | ||
---|---|---|---|
Død | 28. desember 1663 (45 år) Bologna | ||
Nasjonalitet | italiensk | ||
Område | Matematikk, fysikk | ||
Yrke | fysikar, matematikar, astronom, katolsk prest | ||
Institusjonar | Ex chiesa e convento di Sant'Ignazio Ex Collegio di Santa Lucia | ||
Alma mater | Ex chiesa e convento di Sant'Ignazio Universitetet i Bologna | ||
Doktorgradsrettleiar | Giovanni Riccioli | ||
Kjend for | fritt fall, diffraksjon | ||
Religion | romersk-katolsk |
Grimaldi oppdaga og skildra bøyinga av lyset ved ein smal skuggegjevande lekam og ved ei spalteopning. Desse fenomena, som han ikkje kunne forklare, kalla han diffraksjon.
Han er òg kjent for samarbeidet sitt med Giovanni Battista Riccioli i forskinga si, både innan selenografien og forskinga innan fritt fall.
Kjelder
endre- Francesco Maria Grimaldi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.