Francesco Panetta

Francesco Panetta (fødd 10. januar 1963) er ein italiensk tidlegare hinder- og langdistanseløpar frå Siderno i Provinsen Reggio Calabria. Han vart verdsmeister på 3000 meter hinder i 1987 og europameister i same øvinga i 1990.

Francesco Panetta


Statsborgarskap Italia
Fødd 10. januar 1963 (61 år)
Siderno
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Aktiv endre

Panetta satsa opphavleg på 10 000 meter, men med landsmennene Alberto Cova, Salvatore Antibo og Stefano Mei i europatoppen på distansen, konsentrerte han seg om 3000 m hinder. Etter å ha vunne sølv i hinderløpet ved EM 1986, like bak austtyske Hagen Melzer, imponerte han stort då han året etter sprang inn til VM-tittel på Stadio Olimpico i Roma i same øvinga, med nettop Meltzer på andreplass. Vinnartida 8.08,5 var (og er, 2015) italiensk rekord og like bak europarekorden. Ei veke tidlegare hadde han vunne sølvmedaljen på 10 000 m.

I 1989 gjorde Panetta sitt livs raskaste 10 000 m då han vart nummer to i ein landskamp i Helsinki. Landsmannen Salvatore Antibo sette landsrekord med 27.16,5, Panetta vart tidfest til 27.24,1.

Tre år etter VM-gullet tok Panetta heim sigeren i 3000 m hinder i europameisterskapen 1990 i Split. Dei neste åra heldt han fram med å kvalfisere seg til finalar i hinder under dei store meisterskapane, men utan å kunne blande seg inn i medaljestrid. Derimot forbetra han den personlege rekorden på 5000 meter til 13,06,7, vel sekundet bak den italienske rekorden til Antibo.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre