Voltaire
Voltaire, eigentleg François-Marie Arouet, (21. november 1694–30. mai 1778) var ein fransk forfattar, dramatikar og samfunnskritikar.
Voltaire | |
Pseudonym | Voltaire, Bénédictin |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 21. november 1694 Paris |
Død |
30. mai 1778 (83 år) |
Yrke | filosof, lyrikar, historikar, essayist, skodespelforfattar, sjølvbiograf, dagbokskrivar, diktarjurist, science fiction-forfattar, Encyclopédistes, korrespondent, statsvitar, skribent |
Språk | fransk |
Sjanger | roman |
Medlem av | Royal Society, Académie française, Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det russiske vitskapsakademiet, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, frimureri, Accademia della Crusca |
Religion | ateisme |
Far | François d'Arouet |
Mor | Marguerite d'Aumard |
Voltaire på Commons |
Liv og virke
endreHan vart fødd i Paris som son av notaren François Arouet og Marie-Marguerite D'Aumard. Arouetfamilien var ein velståande kjøpmannsfamilie, og François var 5. barn i søskenflokken.
Forfattarskap
endreVoltaire var ein produktiv forfattar, som skreiv verk i nesten kvar einaste litterære form og sjanger. Han skreiv skodespel, poesi, romanar, essay, historiske og vitskapelege verk, meir enn 20 000 brev og meir enn 2000 bøker og pamflettar.
Filosof
endreVoltaire var ein av opplysningstida sine store filosofar, og ein stor forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Han er tillagd den klassiske formuleringa av toleranseprinsippet: «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier.» I dag veit ein at sitatet truleg er laga av Evelyn Beatrice Hall, sidan det har vore umogleg å finne dette sitatet i Voltaire sine verk. Det er truleg ein parafrase over eit uttrykk i eit brev han skreiv i februar 1770 til M. le Riche, der det heiter: «Eg avskyr det du skriv, men eg vil ofre livet for å gjere det mogleg for deg å halde fram med å skrive.»[1]
Verk
endre- Œdipe, drama, 1718
- La Henriade, 1728
- Histoire de Charles XII, roi de Suède, 1730 - norsk omsetjing 1943: Karl den tolvte
- Brutus, 1730
- Zaïre, drama, 1732
- Le temple du goût, 1733
- Lettres anglaises ou Lettres philosophiques, 1734 - norsk omsetjing 1990: Filosofiske brev ISBN 82-03-16317-3
- Adélaïde du Guesclin, 1734
- Mahomet, drama, 1736
- Mondain, 1736
- La Mort de César, drama, 1736
- Epître sur Newton, 1736
- Traité de métaphysique, 1736
- L’Enfant prodigue, 1736
- Essai sur la nature du feu, 1738
- Eléments de la philosophie de Newton, 1738
- Zulime, 1740
- Le fanatisme ou Mahomet le prophète, 1741
- Mérope, 1743
- Zadig (La Destinée), 1748 - norsk omsetjing 1861
- Le monde comme il va, 1748
- Nanine, ou le Péjugé vaincu, 1749
- Le Siècle de Louis XIV, 1751
- Micromégas, 1752
- Poème sur le désastre de Lisbonne, 1756
- Essai sur les mœurs et l'esprit des Nations, 1756
- Histoire des voyages de Scarmentado écrite par lui-même, 1756
- Candide ou l'Optimisme, 1759 - norsk omsetjing 1930
- Tancrède, 1760
- Histoire d'un bon bramin, 1761
- La Pucelle d'Orléans, 1762
- Traité sur la tolérance, à l'occasion de la mort de Jean Calas, 1763 - norsk omsetjing 2005: Traktat om toleransen ISBN 82-03-19018-9
- Ce qui plait aux dames, 1764
- Dictionnaire philosophique portatif , 1764
- Jeannot et Colin, 1764
- De l'horrible danger de la lecture, 1765
- Petite digression, 1766
- Le Philosophe ignorant, 1766
- L'ingénu, 1767
- La Princesse de Babylone, 1768
- Canonisation de saint Cucufin, 1769
- Questions sur l'Encyclopédie, 1770
- Les lettres de Memmius, 1771
- Il faut prendre un parti, 1772
- Le Cri du Sang Innocent, 1775
- De l’âme, 1776
- Dialogues d’Euhémère, 1777
- Correspondance avec Vauvenargues, 2006
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Voltaire» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mars 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- La Société Voltaire
- Verk av Voltaire - Project Gutenberg
- Komplett liste over skodespela til Voltaire