Frank Sampedro
Frank «Poncho» Sampedro (fødd 25. februar 1949) er ein amerikansk gitarist og medlem av rockebandet Crazy Horse, som hovudsakleg er kjend for det lange samarbeidet med Neil Young.
Frank Sampedro | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 25. februar 1949 (75 år) Vest-Virginia |
Yrke | musikar, gitarist |
Medlem av | Bandet Crazy Horse, The Bluenotes |
Han var fødd i Vest-Virginia og voks opp i Detroit, Sampedro flytta til California så snart han var gammal nok til å køyre bil. Han spelte nokre år med forskjellige band før han vart medlem av Crazy Horse i 1975 for å spele inn Zuma. Han vart introdusert til bandet av Billy Talbot i november 1974, nøyaktig to år etter at den tidlegare gitaristen i Crazy Horse, Danny Whitten, hadde døydd av overdose.
Med Sampedro i bandet, utvikla Crazy Horse ein ny, meir stiv stil (i motsetnad til den lausare stilen til Whitten), noko som gjorde at Neil Young kunne utvikle seg som sologitarist.
I nyare tid har han arbeidd i The Tonight Show with Jay Leno med bandleiaren Kevin Eubanks.
Diskografi
endreSom medlem av Crazy Horse:
- Crazy Moon (1978)
- Gone Dead Train: The Best of Crazy Horse 1971-1989 (2005)
- Scratchy: The Complete Reprise Recordings (2005)
Som medlem av Neil Young & Crazy Horse:
- Zuma (1975)
- Rust Never Sleeps (1979)
- Live Rust (konsert, 1979)
- Re•ac•tor (1981)
- Life (1987)
- Ragged Glory (1990)
- Arc/Weld (konsert, 1991)
- Sleeps With Angels (1994)
- Broken Arrow (1996)
- Year of the Horse (konsert, 1997)
Medverknad til andre Neil Young-album:
- American Stars 'N Bars (1977)
- Comes A Time (1977)
- Trans (1982)
- This Note's For You (1988)
- Freedom (1989)
- Are You Passionate? (2002)
- Chrome Dreams II (2007)
Andre artistar:
- Glimmer, det andre soloalbumet til Kevin Salem frå 1996 (gitar);
- Harlem, eit album av Shawn Amos frå 2000 (gitar).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frank Sampedro» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2010.