Frank Jenssen
Frank Josef Jenssen (fødd 11. august 1969 i Trondheim) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Den 13. januar 2017 blei han utnemnd til fylkesmann i Trøndelag, som blei eit nytt fylkesmannembete 1. januar 2018 etter at Nord- og Sør-Trøndelag vart slått saman.[1]
Frank Jenssen | |||
Frank Jenssen Foto: Kjetil Ree | |||
Fødd | 11. august 1969 (55 år) Levanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, embetsmann, kommunikasjonsrådgiver | ||
Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Verv | Fylkesmann i Trøndelag 2018– | ||
Verv | Stortingsrepresentant 2013–2017 | ||
Verv | Statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 20. oktober 2003–17. oktober 2005 | ||
Verv | Leiar av Sør-Trøndelag Høgre 2001–2008 | ||
Føregangar | Michael Momyr | ||
Etterfylgjar | Linda Hofstad Helleland | ||
Alle verv |
|
Jenssen var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag frå 2013 til 2017. Her han medlem i Kommunal- og forvaltingskomitéen.[2]
Han begynte sin politiske karriere som formann i Trondheim Unge Høgre 1990–1992, medlem av Unge Høgres sentralstyre 1992–1996 og 2. nestleiar i Unge Høgre 1994–1996.[3] Han var vidare valkampsekretær i Sør-Trøndelag Høgre, politisk sekretær for ordførar Marvin Wiseth, gruppesekretær for Oslo Høgres bystyregruppe samt informasjonssjef i Høgres Hovudorganisasjon framfor stortingsvalet 2001.[4] Jenssen var medlem av Trondheim bystyre i åra 1992–2003 og 2005–2008; kommunalråd og gruppeleiar 1998–2003 og 2005–2008 samt fungerande varaordførar 2001–2002.[5] Jenssen var forøvrig leiar i Trondheim Høgre 1997–2001, leiar i Sør-Trøndelag Høgre 2001–2008 samt statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 2003–2005. I 2008 søkte han fritak frå sine politiske verv på grunn av manglande motivasjon.[6] Fire år seinare blei han nominert som Høgres 2. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved stortingsvalet 2013.[7][8]
Jenssen har studiekompetanse frå Adolf Øiens skole og mellomfag i statsvitskap og diverse samfunnsfag frå NTNU.[5] Han var dagleg leiar og seniorrådgjevar i Røe kommunikasjon 2008–2010, og blei i 2010 kommunikasjonsdirektør i Arbeidstilsynet.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Ny Fylkesmann i Trøndelag». Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 13. januar 2017. Henta 23. juni 2017.
- ↑ Biografi hjå Stortinget
- ↑ «Frank Jenssen». Høyre. Henta 16. september 2012.
- ↑ «Frank Jenssen ny informasjonssjef». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 16. september 2012.
- ↑ 5,0 5,1 «Skifte av statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet». Statsministerens kontor. 17. oktober 2003. Henta 16. september 2012.
- ↑ Rise, Mari By; Ellingsen, Lajla (7. februar 2008). «Høyre-topp trekker seg». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 4. november 2013. Henta 16. september 2012.
- ↑ Rise, Mari By (15. september 2012). «Frank Jenssen på vei til Stortinget». Adresseavisen. Henta 16. september 2012.
- ↑ Tøhaug, Pia; Ramfjord, Ole Johan (13. oktober 2012). «Marvin Wiseth tilbake i politikken». NRK Trøndelag. Henta 15. oktober 2012.
- ↑ «Pressemelding: Ny kommunikasjonsdirektør i Arbeidstilsynet». Arbeidstilsynet. 7. oktober 2010. Arkivert frå originalen 1. november 2013. Henta 16. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Frank Jenssen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2013.