Opna hovudmenyen

Franz von Papen

tysk diplomat og politikar
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Franz von Papen (29. oktober 18792. mai 1969), fullt namn Franz Joseph Hermann Michael Maria von Papen, var ein tysk politikar for Det katolske sentrumspartiet, og seinare partilaus konservativ. Han danna regjering i 1932, og var eit sentralt medlem av president Paul von Hindenburg sin konservative kamarilja. Han spelte seinare ei sentral rolle i danninga av Adolf Hitler si regjering, men vart deretter raskt marginalisert av nasjonalsosialistene etter å vore kritisk til politikken deira. Han forsvann ut i politisk tydingsløyse etter dei lange knivars natt i 1934.

Franz von Papen
Bundesarchiv Bild 183-1988-0113-500, Franz v. Papen.jpg
FøddFranz Joseph Hermann Michael Maria von Papen
29. oktober 1879
Werl
Død2. mai 1969
Sasbach
Statsborgar avTyskland
PartiDeutsche Zentrumspartei, NSDAP
Yrkepolitikar, diplomat, militær
FarFriedrich von Papen
EktefelleMartha von Papen
BarnFriedrich Franz von Papen

Innhaldsliste

Militær og tidleg politisk karriereEndra

 
Papen i ridedrakt, 1903

Han vart fødd i ein rik katolsk adelsfamilie i Westfalen som son av ein godseigar.[1] Etter militær utdanning som kavalerioffiser byrja han ein diplomatisk løpebane som tysk militærattaché ved ambassadane i Washington og Mexico. Under fyrste verdskrig var han først bataljonssjef ved Vestfronten, seinare generalstabsoffiser i For-Asia og deretter major i den tyrkiske armeen i Palestina. Han tok avskjed frå militære som oberstløytnant i 1918/19, og byrja å engasjera seg i politikk og konservative herreklubbar. Frå 1920–1928 og 1930–1932 var von Papen medlem av det prøyssiske parlamentet for Det katolske sentrumspartiet, der han tilhøyrde den monarkistiske høgrefløya.

KanslerEndra

 
Riksdagen er samla 12. september 1932. Papen er klår til å forkynna ei oppløysing av Riksdagen

Den 1. juni 1932 vart han av rikspresident Paul von Hindenburg utnemnt til Heinrich Brünings etterfølgjar som rikskansler og leiar av regjeringa. Han tredde den 3. juni 1932 ut av Sentrumspartiet, for å koma ein eksklusjon i forkjøpet, på grunn av hans illojale haldning mot Brüning og danning av ein koalisjon med DNVP (det konservative partiet) utan parlamentarisk fleirtal.

Den 20. juli avsette Hindenburg den valde Otto Brauns prøyssiske regjering (SPD) og utnemnde Papen til rikskommissær i Preussen (Preußenschlag). To gonger i løpet av Papens regjeringstid, den 4. juni og den 12. september, oppløyste Hindenburg parlamentet. Papen regjerte deretter gjennom nødforordninger frå Rikspresidenten. Oppløysinga av Riksdagen den 12. september skjedde etter eit mistillitsvotum mot Papen. Etter riksdagsvalet 5. november 1932 tredde han den 17. november tilbake som rikskansler, då Hindenburg ikkje ville gje han dei diktatoriske fullmakter han forlangde.

Visekansler og marginaliseringEndra

For å få danna ei ny regjering arbeidde Papen med ein plan som innebar å la nasjonalsosialistene koma inn i ein konservativ-dominert regjering, og deretter marginalisere dem. Papen forsikra den skeptiske presidenten om at han kunne klara å kontrollera Hitler, og sa at han ville boksa inn Hitlerog at innan to månader vil vi ha pressa Hitler såg langt inn i hjørnet at han skrik. Dei konservative hadde 8 kabinettpostar med Papen som visekansler, mot nasjonalsosialistene 3, med Hitler som regjeringssjef. Men i staden vart det Hitler som raskt marginaliserte Papen og resten av dei konservative. Korkje Papen eller hans konservative allierte våget å ta opp kampen mot Riksdagsbrannforordningen eller Fullmaktsloven.

Papen skjønte der det bar og innleidde løynlege samtalar med andre konservative krefter for å få presidenten til å avsetja Hitler.

Marburg-talenEndra

I ein tale i Marburg, kjent som Marburg-talen, gjorde Papen den konservative kritikken mot nasjonalsosialistane tydeleg, særleg når det gjald tilhøvet til religion og rasepolitikken, og kritiserte valdshandlingane og innskrenkingene i borgarlege fridomar. Talen gjorde Hitler rasande, og nasjonalsosialistene undertrykket omtale av den. Papen hevda å snakka på vegne av president Hindenburg og søkte avskjed frå regjeringa i protest. Nasjonalsosialistene slo kort etter til med de lange knivars natt der ei rekkje motstandarar av regimet, og dessutan intern opposisjon, vart drepne. Papen vart arrestert og hans kontor ransaka, men han vart lauslaten fordi nasjonalsosialistene meinte han kunne vera nyttig som diplomatisk trumfkort. Derimot vart hans sekretær Herbert von Bose og hans taleskrivar Edgar Julius Jung, som hadde vore viktige i utforminga av Marburg-talen, myrda av nasjonalsosialistene. Papen vart gjeven avskjed som visekansler 1. juli 1934 og spelte sida ikkje noka politisk rolle.

Diplomatiske stasjoneringerEndra

Papen vart seinare utnemnt til sendemann, frå 1936 ambassadør, i Austerrike, og frå 1939 i Tyrkia, der han m.a. forhandla fram den tysk-tyrkiske vennskapsavtala. Han vart i Tyrkia fram til 1944. Ironisk nok arbeidde nasjonalsosialistene med planar om å drepa Papen og bruka det som påskudd for å ta kontroll over Austerrike.

Virke etter annan verdskrigEndra

Amerikanarane tiltalte von Papen i Nürnbergprosessen etter krigen lovbrot mot freden, men han vart frikjend. Han freista å gjenoppta ein politisk karrière på 1950-talet, utan å få nokre sentrale posisjonar.

Papen hadde vorte utnemnt til pavelig geheimekammerherre av Pave Pius XI. Etter Pius XIs død i 1939 vart ikkje utnevnelsen til kammerherre fornya av etterfølgjaren Pius XII. Men den neste paven, Johannes XXIII, som Papen kjende frå årane i Hellas og Tyrkia, utnemnde Papen til pavelig kammerherre i 1959. Papen var òg riddar av Malteserordenen.

Papen utgav i seinare år fleire bøker og memoarer, der han forsvarte sin eigen politikk og handsama perioden frå 1930 til 1933, og dessutan den tidlege fasen i den kalde krigen. Papen roste Schumanplanen og støtta økonomisk og militært samarbeid i Vest-Europa. Han budde på Benzenhofen-slottet i Schwaben.

FamilieEndra

Papen gifta seg i 1905 med Martha von Boch-Galhau (1880–1961), ein av arvingane til det kjende keramikkdynastiet Villeroy & Boch. Ho førte store pengeverdiar og dessutan eit herskapeleg gods i Saar inn i ekteskapet. Godset er enno i eiget til Papen-familien.

Franz og Martha von Papen hadde ein son, Friedrich Franz von Papen (fødd 1911) og fire døtrer, m.a. Antoinette von Papen (fødd 1906), som i 1926 vart gift med juristen og statstenestemannen Max von Stockhausen. Ein anna dotter var gift med Wilhelm Freiherr von Ketteler, som var ein nær medarbeider av Papen og vart drepe av Gestapo i 1938.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Franz von Papen 1879-1969». 

{{autoritetsdata{{