Füssen-traktaten

(Omdirigert frå Freden i Füssen)

Füssen-traktaten eller Freden i Füssen (tysk Frieden von Füssen) var ein fredsavtale signert i Füssen i Bayern mellom Kurfyrstedømet Bayern og Habsburgsk Austerrike. Han vart signert 22. april 1745 og Bayern gav seg i den austerrikske arvefølgjekrigen, der dei hadde vore ein alliert av Frankrike.

Bakgrunn endre

Etter erobringa av Praha av bayerske og franske troppar den 26. november 1741, erklærte kurfyrste Karl Albert av Bayern seg konge av Böhmen. Karl Albert vart vald til keisar Karl VII av Det tysk-romerske riket den 24. januar 1742 og vart krona den 12. februar.

Same dag som kronginga hans i Frankfurt okkuperte austerrikske troppar Bayern og ungarske husarar plyndra München. Med fransk støtte kjemåa Bayern mot Austerrike i tre år, men klarte ikkje til slutt å drive austerrikarane ut. Då Karl VII døydde i München den 20. januar 1745 signerte etterfølgjaren hans som kurfyrste av Bayern, Maximilian III Josef, ein foreløpig fredsavtale med Austerrike. Men eit mektig krigsparti leia av Ignaz von Törring og støtta av Frankrike, ønskte å halde fram krigen.

Etter eit avgjerande nederlag i slaget ved Pfaffenhofen den 15. april, valde Maximilian Josef å signere ein ny avtale.

Fresavtalen endre

Den formelle fredsavtalen som vart signert i Füssen bestod av sytten punkt, to delpunkt og ein hemmeleg klausul.

Maximilian gjorde slutt på faren sitt krav på Böhmen og keisarkrona, og anerkjende den pragmatiske sanksjonen. Austerrike kravde ikkje reparasjonar og anerkjende valet av Karl VII som tysk-romersk keisar. Maximilian III lovde å støtte ektemannen til Maria Teresia av Austerrike, Frans Stefan av Lorraine sitt kandidatur til keisarkrona, og å påverke stemmeberettiga under valet.

Avtalen vart signert av Joseph Fürst zu Fürstenberg for Bayern og Rudolf Graf von Colloredo for Austerrike.

Kjelder endre