Frederik Meyn

norsk politikar

Frederik Meyn (8. april 17903. september 1853) var ein dansk-norsk offiser og næringsdrivar.

Frederik Meyn

Fødd28. april 1790
København
Død3. september 1853 (63 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarPeter Meyn
BarnAntonette Meyn
Alle verv

Meyn var frå København, der far hans var arkitekt. Han vart offiser i 1807 etter utdanning i heimbyen København. År 1811 vart han forflytta til 15. kompani i Christiania og Noreg. Under krigen i 1814 kommanderte han ein artilleridivisjon i eigenskap av premierløytnant, forfremja til artillerikaptein i 1819. Frå 1842 var han oberstløytnant og felttymeister, 1853 oberst.

Poul Steenstrup døydde i 1824 vart Meyn beordra til å styre Kongsberg Våpenfabrikk. Ved kongeleg resolusjon av 11. september 1839 vart Meyn tilsett som direktør ved Kongsberg sølvverk, ei stilling han hadde livet ut.

Mey representerte KongsbergStortinget i 1839. Han var riddar av St. Olavs orden, riddar av Dannebrogordenen og riddar av Sverdordenen.

Han døydde i Christiania i 1853.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914