Frederik Norgreen

Norsk embetsmann og stortingsmann

Frederik Wilhelm Weidemann Norgreen (11. november 181826. juni 1902) var ein norsk embetsmann og stortingsmann, fødd på Eidsvoll. Han representerte Finmarkens amt (Troms og Finnmark) stortinget 1862-66 og Hedemarkens amt 1874-76.

Frederik Norgreen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1818
Død

26. juni 1902 (83 år)

Norgreen var son til ein militær offiser. Sjølv vart han student i 1835 og cand.jur. i 1842. Deretter var han sorenskrivar- og futfullmektig i to år og frå 1845 kopist i Revisjonsdepartementet. Han var så underrettssakførar 1849 i Smålenene og 1851 i Buskerud. I tida frå 1855 til 1867 var han fut og sorenskrivar i Tana, med unnatak for 1861-62 då han var sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal. Sidan i livet var han sorenskrivar 1867-79 i Nord-Østerdal, busett på Tynset, og 1879-99 i Solør, busett i Grue.

Etter å ha vore fyrste varamann til Stortinget 1859-60 frå Finmarkens amt, representerte Norgreen same valkrinsen på Stortinget 1862-63, Omframtstortinget 1864 og Stortinget 1865-66. Då han var komen til Hedmark, møtte han på Stortinget 1874-76 som fjerde representant frå landkommunane i amtet. På Stortinget var han 1862-63 medlem av Justiskomite nr 2, 1865-66 sekretær i Konstitusjonskomiteen, 1874 medlem i Justiskomite nr 1 og 1875-76 formann i Justiskomiteen.

Norgreen døydde i Vinger i 1902.

Kjelder endre